Tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2019

Søk om tilskot til tiltak i verdsarvområdet. Søknadsfristen er 15. oktober 2019.

Føremålet

Føremålet med tilskot til tiltak i verdsarvområda er å styrke landbruket i verdsarvområda, jf. § 1 i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Ordninga skal og medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og kulturlandskapsverdiar og hindre attgroing, jf. Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan.

Kven kan søkje?

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere landbruksføretak, grunneigarar, drivarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

Les meir

Du finn meir informasjon om kva du kan søkje om tilskot til, korleis og viktige oppmoding til søkjarane på fagsida, Verdsarv.

Søknadsfrist:
15.10.2019 23:59:00
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga.
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Hvem kan søke:
Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga.

Kontaktpersoner