Fylkes-ROS

Logo Fylkesros
Logo Fylkesros

FylkesROS Møre og Romsdal vil liggje til grunn for eit handlingsprogram med forslag om tiltak som vil styrke samfunnstryggleiken i fylket. Målet er at planen skal fungere som eit prioriteringsgrunnlag for å utvikle eit meir robust samfunn.

I FylkesROS Møre og Romsdal er det eit mål å nytte sårbarheit som eit hovudperspektiv i arbeidet , og vi vil fokusere på forhold som vil ha verknad for samfunnet på regionalt nivå . Sårbarheitsanalysen vil vurdere samfunnet si evne til å opp retthalde viktige funksjonar under ulike påkjenningar, og vidare kor robust ein er til å takle uønskte hendingar.

DSB - Nasjonalt risikobilete
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversyn over risiko og sårbarheit i samfunnet. DSB skal vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. DSB skal bidra til god beredskap og effektiv krise- og ulykkes handtering.

Kvart år lagar DSB ein nasjonal sårbarheits- og beredskapsrapport (NSBR), som blir levert til Justis- og politidepartementet (JD). Formålet med rapporten er å synleggjere og formidle kunnskap om risiko, sårbarheit og beredskap i samfunnet. Rapporten er eit verkemiddel for JD når departementet utøver samordningsrolla si på området samfunnstryggleik og beredskap.

Nasjonalt risikobilde

Samarbeid
Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap er løfta fram som eit prioritert planområde. Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal identifiserte våren 2011 eit felles behov for å utarbeide ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (FylkesROS). Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap vil bestå av ei ROS-analyse og eit handlingsprogram for oppfølging av funn i ROS-analysen.

Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som planprogrammet skisserer, vil gjere det mogleg å bruke kompetansen i begge organisasjonane til det beste for samfunnet Møre og Romsdal. Samarbeid vil også sikre koordinering og eit regionalt nivå som er tydeleg på felles prioriteringar. Planarbeidet vil dessutan vidareføre det gode samarbeidet fylkeskommunen og fylkesmannen har hatt innan dette området dei siste åra, jf. FylkesROS-sjø (2006) og FylkesROS-fjellskred (2011).

Føremål og målgrupper
Den regional delplanen skal vere eit plangrunnlag for den samla innsatsen på feltet samfunnstryggleik og beredskap. Planen skal gi styresmakter, næringsliv og andre i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag, og vidare dokumentere behovet for samhandling og samvirke.
Ein sentral del av arbeidet med den regionale delplanen er ROS-analysen, heretter omtalt som FylkesROS Møre og Romsdal. Målet er å gje oversyn over viktige risikoforhold i fylket og skildre sårbarheit ved ulike hendingar. Analysen vil ta for seg forhold/hendingar som kan gje konsekvensar på regionalt nivå. FylkesROS Møre og Romsdal er eit innspel til andre etatar/verksemder som skal utarbeide eigne ROS-analysar og beredskapsplanverk.

Det er vidare eit mål at resultata skal vere lett tilgjengeleg og anvendelege for til dømes kommunane. Dette vil mellom anna bli løyst gjennom å publisere informasjon på våre nettstader, og ved bruk av geografiske informasjonssystem (GIS).

Målgruppene for arbeidet er kommunale og regionale styresmakter, næringsliv og andre aktørar med oppgåver og interesser innanfor samfunnstryggleik, krisehandtering og beredskap.

Måla med planen er å:

  • teikne eit realistisk, kunnskapsbasert og heilskapleg risikobilde for fylket
  • vere eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag for førebyggande tiltak
  • vere eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag for beredskap
  • fremje god planlegging og arealbruk i fylket