Fylkesberedskapsrådet

Fylkesberedskapsrådet er fylkesmannen sin møteplass for gjensidig orientering om beredskap. I krisesituasjonar er rådet fylkesmannen sitt forum for rådgjeving og samordning av innsats. Fylkesberedskapsrådet har eitt fast møte i året og trer elles saman ved behov.

Medlemmene i rådet er oppnemnde av fylkesmannen. Det er ikkje oppnemnd varamedlemmer, men medlemmer som ikkje kan møte skal utfrå vurdering av situasjon og dagsorden sende vikar. Utfrå slike vurderingar kan fylkesmannen også kalle inn andre til å møte i rådet.

Oppretting av fylkesberedskapsråd er heimla i fylkesmannens samfunnsikkerhetsinstruks.

Desse aktørar er representert i fylkesberedskapsrådet:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal
KS Møre og Romsdal
Møre og Romsdal politidistrikt
Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11
Møre og Romsdal sivilforsvarsdistrikt
Møre og Romsdal 110-sentral
Møre bispedøme
Statens vegvesen
NVE, region Midt
NVE, region Vest
Helse Møre og Romsdal HF
Mattilsynet, distriktskontor Romsdal
Kystverket, Midt-Noreg
Fiskeridirektoratet, region M&R
KBO / Istad Nett SA
NHO Møre og Romsdal
NRK Møre og Romsdal
Telenor Norge AS
Møre og Romsdal Røde Kors
Redningsselskapet Region Midt-Norge
Kvinners frivillige beredskap MR
NAV Møre og Romsdal
Kartverket Molde
Avinor

Kontaktpersoner