Beredskapsplanlegging

Kommunen skal ivareta befolkninga sin tryggleik gjennom førebyggande arbeid og beredskap. Under kriser og katastrofar skal kommunen iverksette tiltak for å beskytte innbyggjarane, og sørge for å oppretthalde viktige samfunnsfunksjonar. God kommunal beredskap er ein grunnleggande føresetnad for god nasjonal beredskap.

Sivilbeskyttelseslova med forskrift om kommunal beredskapsplikt pålegg kommunane å arbeide systematisk og heilskapleg med samfunnstryggleik. Arbeidet skal forankrast og integrerast i kommunane sine plan- og budsjettprosessar. Ei styrking av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap på lokalt nivå er ei oppgåve som kommunane ikkje kan løyse aleine. Samarbeid med andre relevante ansvarlege private, regionale og statlege aktører er viktig, og det er ein føresetnad at desse vert involvert i arbeidet.

Beredskapsplan
Kommunen skal, som følgje av den heilskaplege ROS-analysen, utarbeide ein beredskapsplan som inneheld ein oversikt over kva tiltak kommunen har førebudd for å handtere uønska hendingar jf. sivilbeskyttelseslova § 15.

Krisekommunikasjon
Ansvarsprinsippet gjeld også for krisekommunikasjon. Det betyr at den verksemda som har ansvar for krisa også har ansvar for kommunikasjonen. Alle kriser skjer i ein kommune, og ein kan difor forvente å bli involvert på eit eller anna tidspunkt. Det er viktig å vere førebudd, og ha planverk for å handtere dette. DSB har gitt ut ein rettleiar for  krisekommunikasjon. I tillegg har Post- og teletilsynet gitt ut ein rettleiar for elektronisk kommunikasjon for kommunar.

Opplæring
Det er viktig at dei som har ei rolle i beredkapsarbeidet har kunnskap om området. Opplæring er difor eit viktig moment. Dette kan gjerast internt, eller ein kan melde seg på eksterne kurs. Det er fleire tilbydarar på dette området, m.a. Nasjonalt utdanningssenter for samfunssikkerhet og beredskap (NUSB). Det kan òg meldast inn opplæringsbehov til fylkesberedskapsavdelinga.

Evaluering
Etter ei hending eller øving, er det viktig med evaluering for å få læring og finne forbetringspunkt. Det kan vere rutinar som må på plass, planjusteringar som må gjerast eller investeringar som må på plass for å førebygge nye hendingar.

Helsemessig og sosial beredskap
Kommunane har ansvar for naudsynt helsehjelp og sosiale tenester til alle som bor og oppheld seg i kommune også i ein krisesituasjon. Dette er heimla i lov om helsemessig og sosial beredskap. Det er utarbeidd ein nasjonal helseberedskapsplan som gir grunnlag for helsesektoren si krisehandtering. I tillegg har Helsedirektoratet gitt ut:
- Rettleiar for helse- og sosialberedskap i kommunane
- Mal for helse- og sosialberedskap i kommunane

Beredskap i skulesektoren
Det har blitt større fokus på beredskap i skular og barnehagar dei seinare åra. Det er utarbeidd rettleiarar som støtte i å takle krisesituasjonar som barn og unge kjem ut for. Rettleiarane for beredskap og krisehandtering i skulen kan ein mellom anna finne her.

Psykososiale kriseteam

Alle kommunar her eit psykososialt kriseteam. Dette er grupper som har ansvar for psykososiale oppfølging av menneske / lokalsamfunn som vert ramma av ei krise. Eit psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samanett ressursgruppe.

I Møre og Romsdal er det etablert eit nettverk for psykososiale kriseteam, der Averøy kommune har koordineringsansvaret. Føremålet er å bygge kompetanse, drive erfaringsutveksling, og skape ein møteplass. Det er utarbeidd ein rettleiar for psykososiale tiltak ved kriser og ulukker og katastrofar.