Har du alt du treng for å klare deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte?

Målet med Eigenberedskapsveka 2019, som varer frå 28. oktober til 3. november, er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar.

Styresmaktene tilrår at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap. DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lese på sikkehverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn (72 timar).

Dette gjer Fylkesmannen i Møre og Romsdal

  • Vi har tilbydd alle kommunane og fylkesberedskapsrådet rollupar med tema: «Du er ein del av eigenberedskapen i Noreg», som dei kan nytte til informasjon og aktivitetar omkring eigenberedskapsveka.

  • Vi har eit samarbeid med Møre og Romsdal Sivilforsvarsdistrikt, Molde kommune og frivillige organisasjonar om ein stand på Rådhusplassen i Molde måndag 28. oktober med oppstart kl. 10:00.  

  • Vi har og ein informasjonsstand i foajeen på Fylkeshuset denne veka.

 Her finn du meir informasjon:

Kontaktpersoner