Overvaking

Dei tre høgrisikioobjekta i Møre og Romsdal har døgnkontinuerleg overvaking. Det er NVE som har ansvar for overvakinga, og som fastset farenivå og formidlar dette vidare til andre beredskapsaktørar. Du kan lese meir om overvakingsarbeidet på NVE sine nettsider.

Arbeidet med overvaking av Åkneset starta opp i 1986, ved Hegguraksla i 2001 og ved Mannen i 2009.

For å sikre stabile og kontinuerleg overvaking er det nytta fleire uavhengige overvakingssystem: Strekkstag, laserar, radarar, GPS, totalstasjon, elektroniske vinkelmålarar, boreholsensorar, seismiske sensorar og vêrstasjonar. Kvart fjellparti er overvaka av mange ulike  målesystem, og det er også fleire uavhengige sambandssystem for data ut frå fjellet. Måledata vert overført fortløpande til NVEs overvakingssenter på Stranda i Møre og Romsdal.

Kvar mandag legg NVE ut ein vekerapport for overvakinga.

NVE har publisert ein fagartikkel om fjellskredovervakinga på forskning.no