Beredskap

Det er utarbeidd eige beredskapsplanverk for fjellskred, og det har vore testa i to store nasjonale øvingar i 1997 og 1998. Fylkesmannen, Politiet og kommunane er i gang med å revidere objektplanverket for fjellskredscenarioa Åknes, Hegguraksla og Mannen.

Nasjonal beredskapsplan for fjellskred set rammene for korleis fjellskredscenario skal handterast. Denne har vore ute på høyring, og er i ferd med å ferdigstillast.

Den regionale planverket er under utarbeiding, og skal sy saman den regionale handteringa og samordninga. Planane skal vere klar i løpet av 2015, og blir lagt ut her når dei er ferdigstilt.

Neste steg er aktørplanar som kvar einskild aktør skal reviderast, og som skal henge tett saman med objektplanverket. Dette arbeidet skal i hovudsak føregå i 2015.

Det er fastsett fire fare- og beredskapsnivå som følgjer kvarandre i tid. Endring av farenivå vert fastsett av overvakingssenteret etter ei samla vurdering av det ustabile fjellpartiet.

 

Kontaktpersoner