NVE varslar om gult farenivå for Veslemannen

Grunna auka bevegelsar har NVE heva farenivået for Veslemannen til gult.

Bevegelsane har auka den siste veka, og er no omlag 3 mm pr døgn i frontpartiet. I den øvre delen er hastigheita betydeleg større, med 10-15 mm pr døgn, men snø i terrenget gjer radarmålingane noko usikre.

Ved gult farenivå publiserar NVE daglege rapportar for Veslemannen

Dagsrapportane finn du på:
www.varsom.no/fjellskredovervaking/varsel/velsemannen/

Les meir om Mannen og Veslemannen på:
www.nve.no/flaum-og-skred/fjellskredovervaking/mannen