Fylkesmannen rosar innsatsen til alle beredskapsaktørane

Foto: Elin Røshol.

Det vart to dramatiske dagar då cruiseskipet Viking Sky og lasteskipet Hagland Captain kom i havsnaud ute på Hustadvika.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.03.2019

Varselet om at eit cruiseskip var i havsnaud på Hustadvika i Fræna kommune kom inn til Fylkesmannen laurdag ettermiddag den 23.03.19. Seinare på kvelden kom det òg eit varsel om eit lasteskip i havsnaud i same område.

Fræna kommune sette raskt krisestab, og tilsvarande vart gjort i Molde og Kristiansund kommunar. Fræna oppretta mottaksenter for evakuerte i Brynhallen i samarbeid med Politiet og med god hjelp frå mange frivillige organisasjonar, lag og privatpersonar. Nesten 500 evakuerte vart frakta med helikopter frå skipet til mottaket på Brynhallen. Etter kvart vart dei sendt vidare til hotell i Molde og Kristiansund. Eit godt samarbeid mellom dei tre kommunane var difor viktig for den gode handteringa av dei evakuerte.

Det er Hovudredningssentralen (HRS) som har det overordna koordineringsansvaret for redningstenesta. For hendinga på Hustadvika hadde HRS-Sør dette ansvaret. Lokalt var det Politimeisteren som leiar av den lokal redningssentralen (LRS), som koordinerte innsatsen.

Fylkesmannen si rolle ved slike hendingar er å støtte Politimeisteren sitt arbeid gjennom deltaking i LRS, og å støtte kommunane med deira krisehandtering, og legge til rette for godt samarbeid mellom beredskapsaktørane.

Laurdag ettermiddag sette Fylkesmannen krisestab. Krisestaben bestod av fylkesberedskapssjef, fylkesmann, medlemmar i beredskapsstaben, og kommunikasjonsrådgjevar. Utover kvelden deltok fylkesberedskapssjefen i Politimeisteren sin LRS, og vi deltok i samverkemøte på direktoratsnivå. Vidare arrangerte vi fleire telefonmøte der kommunane, Politiet, og Sivilforsvaret kunne samverke. Vi informerte Fylkesberedskapsrådet om situasjonen.

Fylkesmannen sin krisestab vart avvikla på ettermiddagen 24.03.19 ei stund etter at cruiseskipet kom til kaia i Molde.

Fylkesmannen deltok måndag 25.03.19 på ei samling Fræna kommune arrangerte for aktørane som var i aksjon ved mottakssenteret. Denne samlinga fungerte som ein debrief for dei involverte i mottakssenteret. Aktørane, som i hovudsak var frivillige, fekk informasjon om korleis hendinga vart handtert av ulike organisasjonar, og fekk høve til å snakke saman og med helsepersonell om det dei hadde opplevd. Fylkesmannen syns dette var eit veldig godt møte, og eit godt initiativ av kommunen.

 

Pressekonferanse ved Molde rådhus

 

Samfunnssikkerhetsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde saman med involverte beredskapsaktørar

 

Pressekonferanse i Fræna kommune

 

Kontaktpersoner