Fylkesmannen har satt krisestab

Fylkesmannen satt laurdag 23. mars krisestab i samband med hendingane på Hustadvika der cruiseskipet Viking Sky og Hagland Captain er i havsnød.

Det er Hovudredningssentralen (HRS) som har ansvaret for redningsoperasjonen med støtte frå lokalt politi, og det er politimeisteren og politimeisteren sin redningsleiing som koordinerer redningsoperasjonen lokalt.

Fylkesmannen har derfor ikkje kalla samen Fylkesberedskapsrådet, men har orientert Fylkesberedskapsrådet om situasjonen.

Fylkesmannen koordinerer arbeidet med kommunane i samarbeid med politiet og Sivilforsvaret. Vårt inntrykk er at beredskapsaktørane handterer situasjonen godt.

Kommunane samarbeider godt omkring situasjonen og bistår kvarandre med ressursar ved behov.