Samfunnstryggleik i kommuneplan

På kommuneplannivå skal det eksistere ein rimeleg grad av samstemme rundt risikobiletet i kommunen. Dette skjer ved at kommunen gjennomfører kartlegging og vurdering av risiko og sårbarheit på eit oversiktsnivå.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.01.2015

Kommunal planstrategi
Kommunen sin planstrategi bør drøfte strategiske val for samfunnsutviklinga. Det beste er om ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse dannar grunnlag for strategien på samfunnstryggleiksområdet. Kommunen bør vurdere korleis samfunnstryggleiksarbeidet skal sikrast ein heilskapleg og systematisk tilnærming. Sjølv om det er mest naturleg å knytte samfunnstryggleik til arealplanlegginga, er dette eit tema som òg er aktuelt for andre kommunale ansvarsområde.

Planprogram
Planprogrammet skal som minimum gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, og opplegg for medverknad. Risiko- og sårbarheitsanalysar er eit krav for utbyggingsområde, og må helst planleggast som eigne analysar, men kan òg gjerast som ein del av konskvensutgreiingar.

Kommuneplanen sin samfunnsdel
Samfunnstryggleiksutfordringar frå planstrategien skal handsamast i samfunnsdelen. Det kan vere strategi og tiltak for å redusere konsekvensane av endringar i klimaet, som jordvern /mattryggleik, smittevern, flaumfare, skredfare, ekstremver, fare for fuktskader i kommunale bygg. Andre viktige tema er tryggleik i tenesteproduksjon, trafikktryggleik og førebygging av kriminalitet. Mange av disse forholda vil handsamast grundigare i eigne sektorplanar.

Kommuneplanen sin arealdel
Det er laga ein rettleiar som eit hjelpemiddel for kommunen sin handsaming og framstilling av kommuneplanen sin arealdel. Ein risiko- og sårbarheitsanalyse skal ligge til grunn for arealdelen, og arealføremål og føresegnar skal sikre at utbygging ikkje skaper ny eller auka risiko og/eller sårbarheit. Område med fare eller sårbarheit skal merkast som omsynssoner. Det kan vedtakast føresegner til omsynssoner. Døme på føresegner kan vere krav om reguleringsplan, krav om nærare undersøkingar av risiko, eller krav om risikoreduserande tiltak.

Ved rullering av kommuneplanen må ROS-analysen oppdaterast. Kommunen må gå gjennom analysen og vurdere om nye farar har oppstått, og/eller om nye tiltak er naudsynt.