Rettleiing til klagar

Det er klagerett på fleire vedtakstypar etter plan- og bygningslova. Her finn du informasjon om kven som kan klage på kva, og korleis du går fram i ei klagesak.   

Klagerett

Den som klagar må vere part eller ha rettsleg klageinteresse. Eigaren av den eigedomen som vedtaket gjeld vil normalt alltid vere part. Også naboar har som regel klagerett. Organisasjonar kan ha rettsleg klageinteresse for å følgje interessene dei varetek. 

Kva du kan klage på

Etter forvaltningslova kan du klage på enkeltvedtak. Innanfor plan- og bygningsretten er eksempel på enkeltvedtak byggeløyve, dispensasjon eller ulike former for pålegg. Ein vedteken reguleringsplan er også eit enkeltvedtak som kan klagast på. 

Det fins fleire vedtakstypar utan klagerett. Dette gjeld mellom anna vedtak av kommuneplanens arealdel, og når kommunen avgjer å ikkje forfølgje eit ulovleg tiltak. Fylkesmannens vedtak i klagesaker kan ein heller ikkje klage på.

Klagefrist 

Utgangspunktet er at du må klage innan 3 veker frå du har fått underretting om vedtaket. Du har fått underretning om vedtaket når brevet er lagt i postkassa di. Viss du ikkje har fått slik underretting, varer klagefristen 3 veker frå du fekk eller burde ha fått kjennskap til vedtaket.

I enkelte tilfelle blir vedtaket offentleg kunngjort, til dømes i pressa. Då er klagefristen 3 veker frå kunngjeringa.

Klagar du for seint, kan klaga likevel handsamast dersom du eller representanten din ikkje kan lastast for å ha brote klagefristen, eller dersom det av særlege grunnar er rimeleg at klaga blir prøvd. Har det gått meir enn eitt år sidan vedtaket blei gjort, kan klaga ikkje handsamast som klagesak.

Framgangsmåte for å klage

Klaga må vere skriftleg, og skal først sendast til kommunen. Kommunen skal ta stilling til klaga, og kan sjølv endre vedtaket. Tar ikkje kommunen klaga til følgje, blir saka oversendt til Fylkesmannen. Klagaren skal få ei oversikt over kva dokument kommunen sender til oss. 

I klaga må du i korte trekk nemne kva vedtak du klagar på, og kva endringar du ønsker. Klaga treng ikkje grunngjevast, men det vil likevel vere ein fordel.

Sakshandsamingstid i klagesaker

Klagesaker skal førebuast av kommunen og sendast til klageinstansen så snart saka er tilrettelagt, og seinast innan 8 veker. Den same fristen gjeld der kommunen tar klaga heilt til følgje og gjer eit nytt vedtak.

Fylkesmannen skal handsame klagesaker snarast mogleg når saka er motteken hos oss, og seinast innan 12 veker. Er kommunens vedtak gitt utsett iverksetting, skal saka handsamast seinast innan 6 veker. 

Dekking av sakskostnader

Får du medhald i klaga di, kan du krevje at kostnadane dine med å klage blir dekka, jf. forvaltningslova § 36. Dette gjeld likevel berre vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket -typisk advokatutgifter. Du kan rette kravet til Fylkesmannen innan 3 veker etter at du fekk underretning om vedtaket.

Vis mer