Fylkesmannens rolle

Fylkesmannen er delegert mynde av Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å handsame klagesaker etter plan- og bygningslova. Fylkesmannen kan prøve alle sider av saka.

Fylkesmannens rettleiingsplikt

Fylkesmannen har ansvar for å gje generell rettleiing til kommunane i forvaltningsrettslege spørsmål. Vi kan svare generelt om regelverket, men kan ikkje gå inn i den einskilde saka. I klagesaker gjer vi derimot endeleg vedtak. 

Mottakskontroll

Fagansvarleg gjer ein enkel mottakskontroll når vi mottek ei ny klagesak. Saka blir deretter fordelt til ein sakshandsamar som er ansvarleg for den vidare oppfølginga av saka.

Sakshandsamaren sender ut ei førebels melding innan ein månad etter at saka er motteken her. I meldinga opplyser vi om når de kan forvente at Fylkesmannen gjer vedtak.

Klage i byggesaker

Sakshandsamaren vurderer om saka er godt nok opplyst, og tar eventuelt kontakt med kommunen dersom vi treng fleire opplysingar. Sakshandsamaren vurderer òg om det er trong for synfaring. Vi sender i så fall ut skriftleg varsel om gjennomføring av synfaring. Partane får høve til å delta.

I klagesakshandsaminga tar vi utgangspunkt i dei konkrete klagepunkta, men har også kompetanse til å prøve andre sider av saka. I saker som gjeld kommunens frie skjønn, skal Fylkesmannen legge stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret.

Sakshandsaminga vår er skriftleg. Sakshandsamaren skriv eit framlegg til vedtak som skal godkjennast av fagansvarleg eller direktør før vedtaket blir sendt ut. Vedtaket blir stila til kommunen, med kopi til partane.

Ta gjerne kontakt med sakshandsamaren eller fagansvarleg dersom du har spørsmål angåande saka, ønsker eit møte, eller liknande.

Klage på reguleringsplanar 

Også ved klage på vedtak om eigengodkjent reguleringsplan kan Fylkesmannen prøve alle sider av saka. Vi prøver mellom anna sakshandsaminga, bruken av rettsreglar og om kommunens skjønn har vore forsvarleg utøvd. Resultatet av klagesakshandsaminga kan bli at kommunens reguleringsvedtak blir stadfesta, eller at vedtaket blir oppheva. Fylkesmannen kan derimot ikkje endre planens innhald utan først å legge fram endringa for kommunen.

Lovlegheitskontroll

Fylkesmannen har heimel etter kommunelova § 59 til på eige initiativ å utføre lovlegheitskontroll av kommunale avgjerder. Terskelen for å gjere bruk av heimelen er høg. 

Vis mer