Rettleiing klagesaker

Statsforvaltaren er delegert mynde av Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å handsame klagesaker etter plan- og bygningslova. Statsforvaltaren kan prøve alle sider av saka.

Statsforvaltarens rolle

Statsforvaltaren har ansvar for å gje generell rettleiing til kommunane i forvaltningsrettslege spørsmål. Vi kan svare generelt om regelverket, men kan ikkje gå inn i den einskilde saka. I klagesaker gjer vi derimot endeleg vedtak. 

Fagansvarleg gjer ein enkel mottakskontroll når vi mottek ei ny klagesak. Saka blir deretter fordelt til ein sakshandsamar som er ansvarleg for den vidare oppfølginga av saka.

Sakshandsamaren sender ut ei førebels melding innan ein månad etter at saka er motteken her. I meldinga opplyser vi om når de kan forvente at Statsforvaltaren gjer vedtak.

Sakshandsamaren vurderer om saka er godt nok opplyst, og tar eventuelt kontakt med kommunen dersom vi treng fleire opplysingar. Sakshandsamaren vurderer òg om det er trong for synfaring. Vi sender i så fall ut skriftleg varsel om gjennomføring av synfaring. Partane får høve til å delta.

I klagesakshandsaminga tar vi utgangspunkt i dei konkrete klagepunkta, men har også kompetanse til å prøve andre sider av saka. I saker som gjeld kommunens frie skjønn, skal Statsforvaltaren legge stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret.

Sakshandsaminga vår er skriftleg. Sakshandsamaren skriv eit framlegg til vedtak som skal godkjennast av fagansvarleg eller direktør før vedtaket blir sendt ut. Vedtaket blir stila til kommunen, med kopi til partane.

Ta gjerne kontakt med sakshandsamaren eller fagansvarleg dersom du har spørsmål angåande saka, ønsker eit møte, eller liknande

Også ved klage på vedtak om eigengodkjent reguleringsplan kan Statsforvaltaren prøve alle sider av saka. Vi prøver mellom anna sakshandsaminga, bruken av rettsreglar og om kommunens skjønn har vore forsvarleg utøvd. Resultatet av klagesakshandsaminga kan bli at kommunens reguleringsvedtak blir stadfesta, eller at vedtaket blir oppheva. Statsforvaltaren kan derimot ikkje endre planens innhald utan først å legge fram endringa for kommunen.

Statsforvaltaren har heimel etter kommunelova § 59 til på eige initiativ å utføre lovlegheitskontroll av kommunale avgjerder. Terskelen for å gjere bruk av heimelen er høg. 

Rettleiing til kommunen

Kommunen er det førebuande klageorganet i klagesaker etter plan- og bygningslova. Her finn du dokument som Statsforvaltaren har utarbeidd for å rettleie kommunane i klagesakshandsaminga, samt våre forventningar ved oversending av klagesaker til endeleg avgjerd. 

Rettleiing til klagar

Det er klagerett på fleire vedtakstypar etter plan- og bygningslova. Her finn du informasjon om kven som kan klage på kva, og korleis du går fram i ei klagesak.

Den som klagar må vere part eller ha rettsleg klageinteresse. Eigaren av den eigedomen som vedtaket gjeld vil normalt alltid vere part. Også naboar har som regel klagerett. Organisasjonar kan ha rettsleg klageinteresse for å følgje interessene dei varetek. 

Etter forvaltningslova kan du klage på enkeltvedtak. Innanfor plan- og bygningsretten er eksempel på enkeltvedtak byggeløyve, dispensasjon eller ulike former for pålegg. Ein vedteken reguleringsplan er også eit enkeltvedtak som kan klagast på. 

Det fins fleire vedtakstypar utan klagerett. Dette gjeld mellom anna vedtak av kommuneplanens arealdel, og når kommunen avgjer å ikkje forfølgje eit ulovleg tiltak. Statsforvaltarens vedtak i klagesaker kan ein heller ikkje klage på.

 

Utgangspunktet er at du må klage innan 3 veker frå du har fått underretting om vedtaket. Du har fått underretning om vedtaket når brevet er lagt i postkassa di. Viss du ikkje har fått slik underretting, varer klagefristen 3 veker frå du fekk eller burde ha fått kjennskap til vedtaket.

I enkelte tilfelle blir vedtaket offentleg kunngjort, til dømes i pressa. Då er klagefristen 3 veker frå kunngjeringa.

Klagar du for seint, kan klaga likevel handsamast dersom du eller representanten din ikkje kan lastast for å ha brote klagefristen, eller dersom det av særlege grunnar er rimeleg at klaga blir prøvd. Har det gått meir enn eitt år sidan vedtaket blei gjort, kan klaga ikkje handsamast som klagesak.

Framgangsmåte for å klage

Klaga må vere skriftleg, og skal først sendast til kommunen. Kommunen skal ta stilling til klaga, og kan sjølv endre vedtaket. Tar ikkje kommunen klaga til følgje, blir saka oversendt til Statsforvaltaren. Klagaren skal få ei oversikt over kva dokument kommunen sender til oss. 

I klaga må du i korte trekk nemne kva vedtak du klagar på, og kva endringar du ønsker. Klaga treng ikkje grunngjevast, men det vil likevel vere ein fordel.

Klagesaker skal førebuast av kommunen og sendast til klageinstansen så snart saka er tilrettelagt, og seinast innan 8 veker. Den same fristen gjeld der kommunen tar klaga heilt til følgje og gjer eit nytt vedtak.

Statsforvaltaren skal handsame klagesaker snarast mogleg når saka er motteken hos oss, og seinast innan 12 veker. Er kommunens vedtak gitt utsett iverksetting, skal saka handsamast seinast innan 6 veker. 

Får du medhald i klaga di, kan du krevje at kostnadane dine med å klage blir dekka, jf. forvaltningslova § 36. Dette gjeld likevel berre vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket -typisk advokatutgifter. Du kan rette kravet til Statsforvaltaren innan 3 veker etter at du fekk underretning om vedtaket.