Stor oppslutning om regional plan- og byggesakskonferanse

Mange positive tilbakemeldingar på felles fagsamling for plan- og byggesaksbehandlarar 27. – 28. november 2018 i Molde.  Konferansen vart arrangert av Fylkesmannen og fylkeskommunen og samla i alt 130 deltakarar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.12.2018

Konferansen retta søkelys mot sentrale planfaglege spørsmål og utfordringar knytt til kommunal plan- og byggesaksbehandling. Aktuelle deltema omfatta m.a. nærare gjennomgang av teori og praksis i samband med lovverk og rammevilkår, universell utforming, klima i endring - og samfunnstryggleik i arealplanlegginga. Fleire av dei faglege innlegga på konferansen understreka behovet for tettare samarbeid og samordning på tvers av både fagmiljø og forvaltningsnivå. 

Målgruppe for konferansen var primært planleggarar og byggesaksbehandlarar i kommunane. Heile 32 av 36 kommunar i fylket var representert. I tillegg var det også deltakarar frå regional og statleg forvaltning, utbyggarar, kommune- og fylkespolitikarar, private konsulentar, utdannings- og forskingsmiljø m.v.  

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bidratt med midlar til kompetanseutvikling og opplæring etter plan- og bygningslova. Desse midlane utgjer ein viktig del av grunnfinansieringa for årets konferanse.

Program og lysark frå konferansen finn du her.