Naturmangfald

Det er eit nasjonalt mål at tap av biomangfald skal stoppast, og arealbruken skal støtte opp om dette målet (St.meld 26 (2006 - 2007)). Arbeid med kommuneplan og reguleringsplan kan ha stor verknad på lokalt og regionalt biologisk mangfald. Naturmangfaldlova gir rammer for kommunal planlegging.

Naturmangfald vert derfinert som variasjonen av levande organismar (biologisk mangfald), landskap og geologiske tilhøve. Heile 87 prosent av raudlisteartane (klassifisert som nær trua eller trua) trua som følgje av ulike arealendringar (Nasjonal raudliste 2010).

Synleggjering av dei nye forvaltingsprinsippa
Planomtale og saksutgreiing som skal ligge til grunn for endeleg vedtak om kommuneplan og reguleringsplan skal alltid ta med vurderingar av kunnskapsgrunnlaget på naturmangfaldtema og dei andre miljørettsprinsippa (§§ 7-12).

Kunnskapsgrunnlaget (§8)
Tidlegare kartleggingar av naturtypar og artar må leggast til grunn ved utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel. For å unngå å øydelegge naturmangfaldet i samband med endring i arealbruken, er kommunen avhengig av å ha kunnskap om naturverdiane. Funn av sårbare artar eller naturtypar, eller sannsyn for at det finst slike førekomstar i ønskja utbyggingsområde, kan føre til krav om ytterlegare kartleggingar eller vurdering av alternative løysingar (naturmangfaldlovas §12). Slik oppdatert informasjon kan vere viktig for å få saka tilstrekkeleg opplyst til å fatte gode vedtak (jf forvaltingslovas § 17 og naturmangfaldlovas § 8).

Databaser som styrkar kunnskapsgrunnlaget:

Forskrift om konsekvensutgreiingar set eit generelt krav om KU ved utarbeiding av nye utbyggingsområde i kommuneplanen si arealdel. I utgangspunktet skal ein nytta eksisterande kunnskap, men ei oppdatering av denne kan også vere naudsynt. I enkelte høve kan også ytterlegare feltarbeid vere ein fordel for gje eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag til å fatte vedtak om endra arealbruk.

Ekstra vern om prioriterte artar og utvalde naturtypar
I medhald av naturmangfaldlova blir det vedtatt sentrale forskrifter for prioriterte artar og utvalde naturtypar.

Både tilskotsordningar og eventuelle restriksjonar på utbygging og andre aktivitetar er ”tilpassa” dei ulike artane sine biotopkrav og toleransar overfor menneskelege påverknader. Det må takast eit særleg omsyn til desse førekomstane i kommuneplanen, og i nokre tilfelle vil det vere naturleg å markere desse som omsynssone (PBL § 11-8).

Nok areal sikrar artsmangfaldet
Tar ein vare på leveområda vil ein også berge artsmangfaldet. For å redusere tap av artsmangfald vil det vere viktig at det vert sett av naturprega areal slik at artar og naturtypar kan utvikle seg naturleg.

For å hindre innavl og særleg sårbare populasjonar må desse areala også i størst mogleg grad ”bindast saman” med hjelp av korridorar. På den måten vert ikkje artane/individa i ulike område isolerte frå kvarandre. Ei slik landskapsøkologisk tilnærming i utarbeiding av kommuneplanar vil få eit sterkare fokus i tida framover. Forvaltingsmål for artar og naturtypar er sentrale og seier at slike førekomstar skal vere i levedyktige populasjonar i naturlege utbreiingsområde (naturmangfaldlova §§ 4 og 5).