Kommuneplanar

Kommuneplanen skal ivareta kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Retningsliner og pålegg frå statlege og regionale styresmaktar skal leggjast til grunn. Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel og arealdel.

Som grunnlag for kommuneplanlegginga skal det utarbeidast ein kommunal planstrategi minst ein gong i kvar valperiode og seinast innan eitt år etter konstituering av kommunestyret.

Det skal utarbeidast planprogram som ledd i varsling av planoppstart for kommuneplanar. Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, opplegg for medverknad, kva for alternativ som skal vurderast og trong for konsekvensutgreiingar (KU). KU skal inngå som del av planprosessen.

Planprogrammet må også kommentere kunnskapsgrunnlaget for relevant naturmangfaldtema og vurdere om det er behov for meir kunnskap for å få saka tilstrekkeleg opplyst (naturmangfaldlovas § 8 og forvaltingslovas § 17).

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utarbeidd rettleiarar om kommuneplanlegging, sjå planlegging.no.