Saksopplysningar i dispensasjonssaker

Krav til kva for saksopplysningar som må følgje dispensasjonssaker frå kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.03.2017

For at Fylkesmannen skal kunne behandle saker som gjeld dispensasjon frå plan, og eventuelt § 1-8 i plan- og bygningslova, må følgande saksopplysningar følgje med dispensasjonssaker som vert sendt oss frå kommunane:

  • Tydeleg framstilling, på første sida, om kva arealføremål eller føresegn det vert søkt om dispensasjon frå 
  • Tydeleg skildring av det omsøkte tiltaket 
  • Planstatus for det aktuelle området 
  • Plankart i fargar
  • Flyfoto eller ortofoto
  • Oversiktskart med avmerking av tiltaket
  • For eventuelle byggetiltak skal teikningar med tydelege mål leggast ved
  • Opplysningar om landbruk, miljø og ålmenne interesser
  • Vurdering om arealføremålet har tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold, jf. plan- og bygningslova §§ 28-1 og 19-2 tredje ledd. Dette kan dokumenterast gjennom ein ROS-analyse
  • Tidlegare vedtak/motsegner som gjeld saka/historikk

Fylkesmannen viser til krava til saksopplysning, jf. forvaltningslova § 17. Dersom saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst, kan den bli returnert til kommunen utan at det vert gjeve uttale. Kommunen må i tilfelle opplyse dei faktiske tilhøva betre og senda saka på ny høyring slik at vi kan gje ein grunngjeven uttale.

Dersom kommunen likevel gjer dispensasjonsvedtak i saka utan å sende saka til ny høyring er dette å rekna som ein sakshandsamingsfeil som kan gjere at vedtaket er ugyldig, jf. prinsippa i forvaltningslova § 41.