Hei, alle skolar – blir 2019 det året vi hentar Dronning Sonjas skolepris til Møre og Romsdal? Blir det din skole?

(Foto: Sven Gj. Gjeruldsen)

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil nominere to skolar frå heile grunnopplæringa. Frist for å melde kandidatar til oss er 26. august 2019.

Kva skal til?

  • Beskriv arbeidet med elevane sitt skolemiljø
  • Beskriv arbeidet med inkludering og det å høyre til
  • Beskriv korleis ein arbeider med dei gode relasjonane i skolen
  • Beskriv korleis de arbeider med elevmedverking
  • Beskriv samarbeidet mellom skole og heim
  • Beskriv korleis alle tilsette samarbeider om likeverd og inkludering

Kven kan sende inn forslag til Fylkesmannen?

Leiarar, lærarar og elevar kan gå saman om å foreslå skolen sin. Foreldreutval, organisasjonar og lag som kjenner til skolen sitt arbeid, kan foreslå skolen sin.

Rektor sender inn søknadsskjema frå sin skole.

Fylkesmannen vil offentleggjere dei nominerte skolane i september.

Filmar

Utdanningsdirektoratet har laga film frå nokre tidlegare nominerte vinnarar. Filmane ligg på Udir sine heimesider.

Frist og påmelding

Frist for innsending til Fylkesmannen i Møre og Romsdal er 26. august 2019.

Prisen

Premien er 250 000 kroner, eit kunstverk utforma av Dronninga og eit diplom.

Landsfinalen

Fylkesmannen sine to nominerte skolar går vidare til landsfinalen. Vinnaren i landsfinalen vert offentleggjort i oktober.