Frå Sande i sør til Halsa i nord

Laurdag 20.april arrangeras Statsborgarseremoni i Molde. Då er Fylkesmannen vertsskap for 115 nye statsborgarar i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.04.2013



Dei nye stasborgarane er busett frå Sande i sør til Halsa i nord. Saman med statsborgarane er det og invitert 218 gjestar til seremonien,

Statsborgarseremonien vart innført som ny markering i Noreg frå 2007. Med statsborgarseremonien vil den norske stat ønskje dei nye borgarane velkommen og markere at nye medlemmer tas opp i det norske fellesskapet.
Dei nye statsborgarane i Møre og Romsdal kjem frå 40 forskjellige land og er busett i 29 kommunar i fylket.

Arrangementet går føre seg i Bjørnsonsalen på Rica Seilet Hotel, laurdag 20. april.  Seremonien startar kl. 13 og varer om lag ein og ein halv time.

Fylkesmann Lodve Solholm vil halde sin tale til dei nye statsborgarane. Andre talarar er mellom anna forfattar Edvard Hoem og stortingsrepresentant Torgeir Dahl.

Presse og media er hjarteleg velkomne til seremonien.