Presserom

Fylkesmannen i Møre og Romsdal legg vekt på å vere open, tydeleg og tilgjengeleg i kommunikasjonen med media. Kommunikasjonsrådgivar arbeider tett med fylkesmann og alle fagavdelingane. Vi hjelper journalistar til å finne rett person å snakke med for bakgrunnsinformasjon, saksopplysningar og intervju. Vi legg til rette for pressa under større møter og arrangement, som kongelege besøk og statsbesøk.

Embetet følgjer prinsippa i Statens kommunikasjonspolitikk.

Her vil vil du finne pressemeldingar som Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender ut.

For daglege nyhende, artiklar, prinsipielle vedtak og tilsynsrapportar, anbefaler vi  temasidene våre. Her finn du informasjon om kontaktpersonar og lenker til relevante dokument og artiklar. Ta gjerne kontakt med oss. 

05.09.2017

Aspøy skole er nominert til Dronning Sonjas skolepris

Aspøy skole i Ålesund kommune er vårt fylke sin kandidat til å vinne prisen og få besøk av dronninga vår. Skolen har om lag 170 elevar, med ulik bakgrunn som saman utgjer eit spanande mangfald.

04.09.2017

H.M. Kong Harald besøker Fosnavåg

H.M. Kong Harald vil vere til stades under opninga av verdas første fungerande bølgekraftanlegg i Fosnavåg 21. september 2017.

11.08.2017

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skolemiljø utan mobbing og krenkingar


02.06.2017

Harald Tom Nesvik blir ny fylkesmann i Møre og Romsdal

Harald Tom Nesvik er i statsråd i dag 2. juni 2017, utnemd til fylkesmann i Møre og Romsdal. Han vil tiltre stillinga 1. januar 2019, når noverande fylkesmann Lodve Solholm sitt åremål går ut.

15.05.2017

Statsborgarseremoni i Molde 20. mai

96 av 218 nye statsborgarar har takka ja til å delta på statsborgarseremonien førstkomande laurdag.  Seremonien går føre seg i Bjørnsonsalen ved Scandic Seilet Hotel.

24.03.2017

Ledig embete som fylkesmann i Møre og Romsdal (åremål) frå 1.1.2019

Fylkesmann Lodve Solholm går av som fylkesmann 31.12.2018 etter oppnådd aldersgrense. Stillinga som Fylkesmann i Møre og Romsdal er lyst ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, med søknadsfrist 6. april 2017.

20.03.2017

Tilsyn med meldingar til barnevernet i Møre og Romsdal


10.03.2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal blir som i dag

Kongen i statsråd har 10. mars 2017 behandla "Kongelig resolusjon om fylkesmannens fremtidige struktur".

01.03.2017

Presentasjon av årsrapport 2016

I dag blir årsrapport 2016, samt utfordringar for 2017, frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal presentert, både i tekst og som videopresentasjonar. Du finn desse på www.fylkesmannen.no/fmmr-arsrapp-16

20.02.2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansatt Karin Müller Mikaelsen som ny fylkeslege

Mikaelsen har vore tilsatt i stillinga som assisterande fylkeslege sidan hausten 2016. Før det kom ho frå stillinga som overlege ved nevrologisk avdeling ved sjukehuset i Molde.