Oppvekst- og utdanningsavdelinga

Maren Ørjasæter Aaland, utdanningsdirektør
Maren Ørjasæter Aaland, utdanningsdirektør

Fylkesmannen skal bidra til at det blir heilheit og samanheng i tiltaka retta mot barn og unge slik at dei får sine rettar oppfylt og at dei  får ei god opplæring og eit godt oppvekstmiljø  i barnehagar og grunnopplæringa  i fylket vårt. Dette gjeld også vaksenopplæringa.

Fokus på førebygging og tidleg innsats blir viktig slik at barn og unge får rett tiltak, på rett måte og til rett tid. Det krev nok tilgang til kvalifisert personalet i barnehage og skule,  og høg kompetanse i desse to sektorane,  noko Fylkesmannen ønsker å bidra til. Det er utarbeidd strategiplanar for kompetanseutvikling for ulike grupper i barnehage som assistentar, barnehagelærarar og styrarar, og  for lærarar, skuleleiarar, tilsette på pp kontor m. fl.  Fylkesmannen ser det også som viktig å ha sterke kompetansemiljø i fylket som kan utdanne personalet  og at barnehagar og skular har god tilgang på støtte/etter- og vidareutdanning – her spelar bl.a. Høgskulen i Volda er sentral rolle.