Miljøvernavdelinga

Linda Aaram, konstituert miljøverndirektør
Linda Aaram, konstituert miljøverndirektør

Miljøvernavdelinga skal medverke til å gjennomføre den nasjonale miljøvernpolitikken. Miljøverndepartementet og det nye Miljødirektoratet er våre oppdragsgjevarar.

Vi har ansvaret for å forvalte over 200 store og små verneområde, sikre at miljøomsyn vert ivaretatt i planprosessar og gje løyve til og føre tilsyn med forureinande verksemder.

Fylket vårt er av dei som har vore hardast ramma av lakseparasitten Gyrodactylus salaris og i 2013 har det vore gjennomført ein vellukka behandling i Rauma. Denne må gjentakast neste år, samstundes med at arbeidet med å bygge ei fiskesperre i Driva for å førebu behandlinga der vil starte opp for fullt.

Miljøvernavdelinga har i dag 25 tilsette. Vi har og arbeidsgjevaransvar for 3 personar på Herje genbank, og verneområdeforvaltarane for Trollheimen og Geiranger-Herdalen landskapsvernområde.

 

Kontaktpersoner