Inviterer til Nyttårskonferansen 2019

Møre og Romsdal fylkeskommune, NAV, KS og Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til ein ny og viktig møteplass for leiarar i offentleg sektor. Vi har kalla møteplassen for nyttårskonferansen, og planen er at dette skal bli ein av dei viktigaste møteplassane i starten av eit nytt år i Møre og Romsdal.

Målet med konferansen er at heile målgruppa samlast for å få og gje innspel til drøfting av moglegheiter og utfordringar for vår region sett i eit framtidsperspektiv.

Programmet er snart klart, og vil ta for seg mellom anna:

  • Oppdrag frå nasjonale myndigheiter
  • Har vi ei felles forståing av moglegheiter og utfordringar for vår region - kunnskapsgrunnlag for regional planlegging
  • Prosjektet «Møre og Romsdal 2025»
  • Leiarskap
  • Folkevaltopplæring
  • Innlegg frå lokale aktørar med tema: moglegheiter, utfordringar og nye idear for vår region

 Påmelding og meir informasjon finn du her.