Marin forsøpling

Marin forsøpling er ei av dei største utfordringane vi har når det gjeld miljøet i havet. Mykje av avfallet er plast. Plasten kan mellom anna føre til kveling, indre skadar, forgifting og problem med fordøyinga til dyra. Kvart år døyr det mange dyr som følgje av dette. Med tida brytast plasten ned til mikroplast, noko som kan få store konsekvensar for miljøet. Frå 2018 har det vore Statsforvaltaren si oppgåve å koordinere arbeidet med marin forsøpling i fylket.


Publisert 30.08.2021

Uroa for enorme utslepp i Storfjorden

Det store landbaserte oppdrettsanlegget for laks som er planlagt i Raudbergvika i Storfjorden vil sannsynlegvis gje det største enkeltståande avløpsutsleppet i Noreg. Statsforvaltaren er uroa.


Publisert 02.07.2021

Strengare krav til kunstgrasbaner

Frå 1. juli blir det stilt krav til korleis idrettsbaner med fyllmaterial av plast skal utformast og driftast. Krava vil hindre at gummigranulat hamnar i naturen.


Publisert 30.04.2021

Vil du rydde ytre kyst i Møre og Romsdal

Aktørar som vil ta jobben med å rydde den ytre kystlinja i Møre og Romsdal kan no søke om å få oppdrag. Søknadsfristen er 28. mai 2021.


Publisert 15.10.2020

Eit hav av moglegheiter til å støtte årets TV-aksjon

Havet er fantastisk, og vi er alle avhengig av det. Årets TV-aksjon går av stabelen den 18. oktober. I år samlar vi inn pengar som er øyremerka avfallshandtering i Søraust-Asia. Slik skal det bli mindre plast i havene.


Publisert 09.06.2020

Hold Norge Rent med ny ressursbank for kommunane

Hold Norge Rent har laga ein ny ressursbank som skal hjelpe kommunane i gong med arbeidet mot forsøpling gjennom konkrete råd, inspirasjon og kunnskap.


Kontaktpersoner

Ansvaret til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren har fått i oppdrag å koordinere arbeidet med marin forsøpling i fylket. Vi skal ha oversikt over alle viktige oppryddingstiltak i fylket. Saman med relevante private og offentlege aktørar skal vi samordne oppryddingsarbeidet.

Vi skal innhente og godkjenne avfallsplanar for hamner. Alle hamnene skal ha ein godkjent avfallsplan for å sikre at avfall frå skip blir tatt forsvarleg hand om og ikkje kjem på avvege.

Vi fører tilsyn med ei rekke bedrifter i fylket. Som eit ledd i tilsyna sjekkar vi alltid om verksemda bidrar til forsøpling. Vi sett også vilkår i løyvet med tanke på å minimere utslepp av miljøfarlege stoff og for å hindre at avfall kjem på avvege.

Ansvaret til kommunen

Kommunen er myndigheit for forsøpling. Det innebér at den skal føre tilsyn med den alminnelege forsøplingssituasjonen i kommunen og følgje opp forsøplingssaker. Når kommunen oppdagar eller får melding om eit forsøpla område, kan den påleggje den ansvarlege å rydde opp etter seg. Kommunen kan også sette i verk opprydding på den ansvarlege si rekning dersom denne ikkje etterkommer pålegget. Dette gjeld både på offentlege område og på private eigedomar.