Opning for tidlegjakt på grågås

I kommunane Haram, Sandøy, Aukra, Vestnes, Rauma, Halsa og Smøla kan grågåsjakta starte 26. juli i område i tilknyting til innmark og inngjerda beite.

Fylkesmannen har 22. juni 2017 fastsett forskrift om døgnregulering og tidlegare jaktstart på grågås i kommunar i Møre og Romsdal som har godkjent lokal forvaltningsplan.

Etter jakttidsforskrifta kan det opnast for tidlegare jaktstart inntil 15 dagar før ordinær jaktstart 10. august, og jakta skal døgnregulerast enten som morgonjakt eller som kveldsjakt.

Formålet med å starte jakta på grågås tidlegare enn 10. august er å avgrense skadeomfanget på dyrka mark, samt å regulere bestanden slik at jaktuttaket aukar ved at jakta kan skje over ein lengre periode før gjæsene trekker sørover og ved å felle fleire ikkje-hekkande gjæser. Ein føresetnad for å forskriftsfeste tidlegare jaktstart er at det ikkje blir drive omfattande skadefelling av grågås på våren.

Det blir opna for jakt på grågås frå 26. juli 2017 med følgjande døgnregulering og avgrensing av dagar innafor område med følgjande geografisk avgrensing fram til ordinær jaktstart 10. august:

Kommunar

Dagar og døgnregulering

Områdeavgrensing

Sandøy

26. juli – 9. august

kl 16.00-22.00

Innmark med maskinell slått og   inngjerda beite som blir gjødsla samt 30 m randsoner kring desse.

Haram, Aukra og Halsa

26. juli – 9. august

kl 24.00-10.00

Innmark med maskinell slått og   inngjerda beite som blir gjødsla samt 30 m randsoner kring desse.

Rauma

26. juli – 9. august

kl 02.00-10.00

Innmark med maskinell slått og   inngjerda beite som blir gjødsla samt 30 m randsoner kring desse.

Vestnes

26. juli – 9. august

kl 04.00-10.00

Innmark med maskinell slått og   inngjerda beite som blir gjødsla samt 30 m randsoner kring desse.

Smøla

26. og 30. juli, 3. august   og 8. august

Kl 03.00-10.00

Innmark med maskinell   slått og inngjerda beite som blir gjødsla samt 30 m randsoner kring desse.   Frå 3. august 2 utmarksområde vist i kart til forvaltningsplan for grågås på   Smøla i samsvar med Fylkesmannen si godkjenning av planen i vedtak 20. juni   2017.

Smøla

28. juli, 1. august, 5.   august og 9. august

Kl 16.00-22.00

Innmark med maskinell   slått og inngjerda beite som blir gjødsla samt 30 m randsoner kring desse.   Frå 3. august 2 utmarksområde vist i kart til forvaltningsplan for grågås på   Smøla i samsvar med Fylkesmannen si godkjenning av planen i vedtak 20. juni   2017.

For område der det er forbod mot jakt i medhald av vern etter naturmangfoldloven eller naturvernloven, må det vere gitt dispensasjon frå verneforskriftene for at jakt skal vere lovleg.

Forskrifta gjeld i fem år fram til ny jakttidsperiode startar 1. april 2022.