Ny forvaltningsplan for moskus på Dovrefjell

Det er eit politisk ynskje å ta vare på stammen av viltlevande moskus på Dovrefjell. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har utarbeidd framlegg til ny forvaltningsplan for moskus på Dovre som er sendt på høyring. Høyringsfristen er 1. juni 2017.

Dovrefjell er det einaste området i Europa kor det fins ein livskraftig bestand av moskus. Moskusen levde naturleg i Noreg for 30 000 – 100 000 år siden, men døydde ut under siste istid. Dagens stamme er etterkomarar av dyr som vart innført frå Grønland i 1947 – 1953.

Bestanden skal takast vare på innafor eit eige kjerneområde, og det bør ikkje vere meir enn omlag 200 dyr i  vinterstammen. Moskusen er å rekne som ein introdusert, framand art i Noreg. Erfaringane med moskus etter at han vart innført, tilseier at arten ikkje utgjer ein trussel mot andre artar eller økosystem på Dovrefjell.

Kjerneområdet for moskus er 340 km2 stort og ligg i kommunane Oppdal, Dovre og Lesja. Innafor dette området skal bestanden få utvikle seg mest mogeleg naturleg. Det er ikkje foreslått nokon endringar i kjerneområdet. Det er ikkje ynskjeleg at moskusen etablerar seg på heilårsbasis utanfor kjerneområdet. Individ som vandrar langt ut av kjerneområdet, og etablerar heilårsbruk vil som hovudregel bli avliva.

Bestanden bør ikkje overstige omlag 200 vinterdyr. Det skal gjennomførast årlege registreringar. Dersom bestanden veks seg større enn målsetjinga, vil det vere aktuelt å setje inn bestandsregulerande tiltak.

Konfliktnivået mellom moskus og menneske skal vere lavt. Individ som utgjer ein fare for folk skal som hovudregel avlivast etter vedtak av fylkesmannen. Politiet kan i akutte situasjonar felle moskus som representerar ein fare for folk sin tryggleik.

Kjerneområdet for moskus ligg tett inntil dei store ferdselsårene Dovrebanen og E6, samt Snøheimvegen og Snøheim turisthytte. Dette gjer at det er lett for turistar å kome inn i området. Undersøkingar og opplevde erfaringar viser at villreinen i området i stor grad vert forstyrra og at dette påverkar villreinen sin bruk av området. Fylkesmannen er særleg interessert i å få synspunkt på korleis dagens kjerneområde for moskus fungerar i høve å sikre behova til villreinen, og om det fins andre forvaltningsregime for moskus som betre sikrar fungerande leveområde for rein.

Innspel skal sendast med epost til fmstpostmottak@fylkesmannen.no eller med brevpost til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Postboks 4710, Sluppen, 7468 Trondheim. Høyringsfristen er 1. juni 2017.

Ytterlegare opplysningar kan ein få ved å kontakte:

Bjørn Rangbru, tlf 73 19 92 03, epost fmstbra@fylkesmannen.no

Kjell Vidar Seljevoll, tlf 73 19 92 25, epost fmstkvs@fylkesmannen.no