Restaurering av Rørvikvatnet i Rørvikvatnet naturreservat

I november 2018 starta arbeidet med ei omfattande restaurering av Rørvikvatnet på Vigra i Giske kommune.

Rørvikvatnet naturreservat blei oppretta i 1988. Formålet med vernet er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv. Rørvikvatnet naturreservat ligg på Vigra i Giske kommune.

Rørvikvatnet er også ein del av eit internasjonalt viktig våtmarksområde (Ramsarområde). Naturreservatet var tidlegare ein viktig hekke- og trekklokalitet for våtmarksfugl, men slik vatnet er i dag, har det liten verdi for våtmarksfugl. Dette er på grunn av lite opent vassareal som følgje av gjengroing, at vatnet er grunt, samt omfattande leplanting rundt vatnet og i nærområdet. Forholda har ført til at fuglen har få moglegheiter for hekking og fødesøk.

Føremålet med restaureringa av Rørvikvatnet har vore å tilbakeføre areal med vasspegel og få tilbake tidlegare djupne. Dette skal bidra til å oppretthalde og ivareta verneverdiane, slik at den pågåande negative utviklinga for biologisk mangfald reverserast.

I November starta arbeidet med å auke vasspegelen. Arbeidet blei utført av Hordalandsselskapet Romarheim AS i samarbeid med Rådgivande Biologar AS.

I dette prosjektet har det vore stort fokus på å betre høva for vasstilknytta fugl. Dette har vi gjort mellom anna ved å lage øyer i vatnet som skal fungere som frisoner for hekkande fugl.

Gravearbeidet i vatnet er no ferdigstilt. Vinter/vår 2019 vil det verte etablert ein dam i utløpet av Rørvikvatnet som skal heve vasspegelen med om lag 20 cm. Dette vil vare med på å auke vasspegelen enda meir.

I tillegg har noko av leplantinga rundt vatnet blitt fjerna.

Biletet over syner Rørvikvatnet i 2015 (venstre) og i 2018 (høgre) etter mudring. I biletet til høgre er vatnet nedtappa. Det skal etableres ein dam i utløpet slik at vasspegelen blir heva.

Biletet over syner Waterking i aksjon i Rørvikvatnet.

Konseptskisse og arbeidsinstruks for åpning av vasspegel og plassering av øyer i Rørvikvatnet

Konseptskisse og arbeidsinstruks for åpning av vasspegel og plassering av øyer i Rørvikvatnet