Restaurering av våtmark

Restaurering av myr og anna våtmark i Møre og Romsdal

Fylkesmannen har på oppdrag frå Miljødirektoratet sett i gang arbeidet med å restaurere myr og anna våtmark i fylket.

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein nasjonal plan for restaurering  av våtmark for 2016 til 2020. Restaureringa skal bidra til å oppfylle regjeringa sine målsettingar om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betring i økologisk tilstand.

Restaureringa vil primært skje i verneområde, men det kan og verte aktuelt å restaurere på offentleg og privat grunn utanfor vernegrensene.

Trua natur

I løpet av dei siste 100 åra har Noreg mista om lag ein tredjedel av myrarealet på grunn av grøfting, oppdyrking, skogplanting, torvtekt og utbygging.

Fleire våtmarkstypar har blitt sjeldne eller hamna på liste over trua natur. Ti naturtypar av myr står på Norsk raudliste for naturtypar. Forureining og vassdragsreguleringar er blant faktorane som har ført til stor belastning på våtmarkssystema våre.

For eksempel blir ikkje lenger den sjeldne naturtypen kroksjø danna, på grunn av faktorar som elveforbygningar og eutrofiering. Eutrofiering inneber at næringsinnhaldet i vatn aukar som følgje av forureining og fører til oppblomstring av algar og oppsamling av daud biomasse.

Kvifor restaurere?

Restaurering av våtmark inneber å tilbakeføre mellom anna menneskepåverka våtmark til naturleg tilstand. Restaurering av myr vil mellom anna bidra til at sjeldne orkidéar får betre levekår, og det vil sjå lysare  ut for mange av fugleartane som er sterkt knytt til myr eller anna våtmark. Torvmyr er dessutan gigantiske karbonlager. Grøfting fører til uttørking og nedbryting av torv og dermed auka CO2-utslepp. Restaurering av myr vil kunne bremse nedbryting av torv og på sikt stabilisere karbonlagra i myra.

Vidare vil restaurering redusere risiko for flaum. Elvestrekningar som er retta ut og kopla frå våtmarker og elvesletter har ført til forsterka flaumrisiko lenger ned i vassdraga. Ved å restaurere slike våtmarker, vil elver igjen kunne få tilbake sine naturlege svingingar slik at risikoen for flaum blir mindre.