Karbonfangst med myrrestaurering

Tetting av grøftesystema hausten 2017 i Aspåsmyran
Tetting av grøftesystema hausten 2017 i Aspåsmyran

Tetting av grøfter i Aspåsmyran naturreservat skal hindre klimagassutslepp og sikre leveområde for artar knytt til myr.

Hausten 2016 og hausten 2017 gjekk det føre seg ein noko uvanleg aktivitet i Aspåsmyran naturreservat. Grunnen til denne aktiviteten skriv seg frå ei omfattande etablering av skogsgrøfter for 40-60 år sidan. Grøftesystema har ført til at myra har blitt drenert og uttørka. 

Grøfter i Aspåsmyra har ført til drenering. Foto: Fylkesmannen

Grøfter i Aspåsmyra har ført til drenering. Foto: Fylkesmannen

Med bakgrunn i dette sette Fylkesmannen i samarbeid med Statens Naturoppsyn i gang ei omfattande restaurering i Aspåsmyran. Over 10 000 m grøft har blitt tetta ved å lage små demningar av torv på tvers av grøftene. I tillegg har det blitt felt ein del trær på grunn av at dei bidreg til ytterlegare uttørking av myra.

Den første pluggen vert etablert. Foto: SNO

Den første pluggen vert etablert. Foto: SNO

Vi håpar at restaureringa vil bidra til ei permanent heving av vasspeilet i myra. Hensikta med det er mellom anna å skape gode høve for torvmosar. Torvmosane veks i spissen, dei eldre delane døyr, og dannar fundamentet i myr; torv. Intakt myr inneheld eit stort lager med karbon, og det er dette vi no prøver å tilbakeføre i Aspåsmyran.

Torvmose hadde allereie etablert seg sumaren 2018.

Torvmose hadde allereie etablert seg sumaren 2018.

Eit interessant spørsmål vi ville ha svar på er kva restaureringa har hatt å seie for insektsfaunaen. Sumaren 2019 sende vi difor ut Dag Dolmen frå AmphiBios for å registrere mellom anna augnestikkarar. Kva han fann ut kan du lese meir om her.

Liten blå vannymfe hann (Enallagma cyathigerum) og stor libelle hann (Aeshna juncea). Foto: Dag Dolmen/Jonny Pedersen

Liten blå vannymfe hann (Enallagma cyathigerum) og stor libelle hann (Aeshna juncea). Foto: Dag Dolmen/Jonny Pedersen

Meir om verneområdet og verneformålet finn du her.

Myrrestaurering som klimatiltak

Torvmyrer står for om lag 1/3 av verdas karbonlager i jord, og dei bind opp meir CO2 frå atmosfæren enn dei slepp ut. Grøfting fører til uttørking og nedbryting av torvmyr – og dermed auka CO2-utslepp. Heving av vasspeilet bremsar nedbrytinga og vil stabilisere karbonlagra i myra. Slik kan den igjen bidra til karbonfangst.

Del av restaurert område i Aspåsmyran. Foto: SNO

Del av restaurert område i Aspåsmyran. Foto: SNO