Verdsarv

Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart innskrive på Unesco si verdsarvliste 14. juli 2005 som det første naturarvområdet i Noreg. Verdsarvlista til UNESCO (World Heritage List) representerer det fremste i verda av kultur- og naturverdiar.

UNESCO si grunngjeving for å ta Vestnorsk fjordlandskap inn på verdsarvlista var:

Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med andre fjordar på verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.

Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

Kva er Verdsarv?

Konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv blei vedteken i 1972, etter at kulturminne og naturområde i aukande grad hadde vorte utsette for press i form av krig, naturkatastrofar, forureining, turisme, eller berre ganske enkelt forfall.

Konvensjonen oppmodar alle land til å fremje vern av kultur- og naturarv av lokal eller nasjonal betydning. Konvensjonen sitt fremste mål er å identifisere kultur- og naturarv av universell verdi. Behovet for eit felles løft, både menneskeleg og økonomisk, vart synleg gjennom den internasjonale redningsaksjonen av kulturminne i Egypt og Nubia då Aswan-dammen skulle byggjast tidleg på sekstitalet.

Natur- og kulturarven kan vere eit naturområde, eit kulturlandskap, eit bygningsmiljø eller eit natur- eller kulturmonument. Den kan vere eit byggverk som representerer eit viktig historisk utviklingssteg, eller eit naturfenomen av eksepsjonell estetisk eller vitskapleg betyding. Oversikta over verdas kultur- og naturarv vert kalla verdsarvlista.

Konvensjonen sitt sekretariat (UNESCO World Heritage Centre) held til i Paris.

I område som får Verdsarvstatus vert det ikkje innført nye (internasjonale) lover og forskrifter som følgje av verdsarvstatusen. Det er m.a.o. landet sine eigne lover som gjeld, men Verdsarvkonvensjonen set reglar for kva typar lover som gjeld naturområde og kulturminne med verdsarvstatus, som naturmangfaldlova og kulturminnelova. Til grunn for innskriving på Verdsarvlista ligg at eit kulturminne eller naturområde er av eksepsjonell universell verdi. Per 1.9.2016 er det 1052 objekt på Verdsarvlista, av desse er 203 naturarv, 814 kulturarv og 35 kombinasjon av natur og kultur.

Verdsarv i Møre og Romsdal

Vestnorsk fjordlandskap femner om eit areal på 1227 km2, av dette Geirangerfjordområdet 597 km2. Om lag 84 % av arealet er verna etter naturvernlova. Det gjeld desse verneområda:

Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Hyskjet naturreservat

Kallskaret naturreservat

Bygdene Møll, Grande, Homlong, Geiranger, Flydalen, Opplendskedalen, Dalsnibbeplatået og Tafjorden (sjøareal) ligg i verdsarvområdet, men ikkje i verneområde.

 

 


Kontaktpersoner

Noreg har 8 objekt på Verdsarvlista:

Bryggen i Bergen  (1979)

Urnes stavkyrkje (1979)

Helleristningane i Alta (1980)

Bergstaden Røros (1981)

Vegaøyan (2004)

Vestnorsk fjordlandskap (2005)

Struves meridianboge (saman med 9 andre land) (2005)

Rjukan-Notodden industriarv (2015)