Forvaltningsplan for Veøy landskapsvernområde godkjent

I Veøy landskapsvernområde finn vi mange viktige verdiar. Forvaltningsplanen legg opp til eit samarbeid mellom dei ulike faginteressene i verneområdet. Saman skal vi skjøtte området til det beste for arkeologi, kulturhistorie og natur, samtidig som bruken av øya som rekreasjonsmål skal halde fram.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.12.2017

Veøy landskapsvernområde vart verna i 1970 med føremålet å ta vare på eit historisk kulturlandskap med eit eigenarta miljø kring Veøy gamle fylkeskyrkje. For å ta vare på desse verdiane er det vedteke ei verneforskrift for området. Denne forvaltingsplanen skal utdjupe verneforskrifta og skildre kva for aktivitetar som er tillate, forbode eller kva ein kan søkje om. Planen gir ei oversikt over verneverdiane i landskapsvernområdet og kva for brukarinteresser vi finn her. Vidare definerer planen bevaringsmål og tiltaksbehov. 

Bevaringsmåla i forvaltingsplanen er fastsett med bakgrunn i verneformålet. Dei viktigaste verdiane i landskapsvernområdet er knytt til tidlegare dyrka mark og beiteland, skogen og dei store askane.

Mange av dei gamle, store askane på Veøya er sjuke av askesottsjuke. Dei må derfor fellast slik at dei ikkje er til fare for folk, dyr eller kulturminne. Det er ikkje fort gjort å bli kvitt denne sjukdomen, men det er likevel eit mål i planen at det ikkje skal vere sjuke asketre i landskapsvernområdet.

Vidare er det eit mål i planen at innmarka skal haldast i hevd gjennom beite og slått. Det skal heller ikkje vere framande, skadelege planteartar i verneområdet, og verneområdet skal haldast fritt for søppel.

Kyrkjegardsmuren må settast i stand, og planen sett som mål at det ikkje skal vere utrasa steinar i muren.

For å nå desse måla må det settast i verk nokre tiltak. Mellom anna skal det settast opp eit gjerde for å halde beitedyra unna husa, kyrkja og kyrkjegarden. Vidare kan det nemnast at graset skal slåast der kor ikkje beitedyra slepp til. Etter kvart må det plantast nye parktre som kan  erstatte dei gamle asketrea. Kampen mot det framande treslaget platanlønn er så og seie vunnen, men skal framleis følgjast opp.  

Forvaltingsplanen for Veøy landskapsvernområde er altså eit praktisk hjelpemiddel for å oppretthalde og fremje verneformålet i samsvar med verneforskrifta for verneområdet. Planen gir konkrete retningslinjer for mellom anna bruk, informasjon, skjøtsel og saksbehandling. Planen gir ei skildring og dokumentasjon av natur-, kultur- og brukarinteresser innanfor verneområdet, og om det er spesielle forhold som trugar eller kan truge verneverdiane. Planen er ikkje juridisk bindande, men gir retningslinjer for forvaltinga av området, og han skal synleggjere ansvarsforhold og forvaltingsmyndigheit.

Sau beitar rundt nyplanta epletre