Tilråding om vern av fire skogområde

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i samarbeid med Allskog hatt verneplanprosessar på fire skogområde gjennom ordninga frivillig vern. Sjeldan og trua natur er tilbydt vern av grunneigarar som mottek ei erstatning for tapt skogsdriftsinntekt av trevirke. I juni sendte Fylkesmannen tilråding om tre nye områder, samt utviding av eit eksisterande naturreservat, til Miljødirektoratet.

Kanestraum i Tingvoll kommune er eit område på 1942 dekar som inneheld rik edellauvskog og gammal kystfuruskog, og kvalifiserer til ein verdi A – svært viktig.

Lågurt-edellauvskog i Kanestraum. Foto: Øivind Leren.

Lågurt-edellauvskog i Kanestraum. Foto: Øivind Leren.

Geitåa i Surnadal kommune er eit mindre område edellauvskog på 428 dekar, men av same høge kvalitet - verdi A - svært viktig. Skogen har godt utvikla struktur, med  gamle tre og fleire raudlista artar.

Bjørkeskog-edellauvskog ved Geitåa i Bøverdalen. Foto: Øivind Leren.

Bjørkeskog-edellauvskog ved Geitåa i Bøverdalen. Foto: Øivind Leren.

Ytste-Skotet i Stordal kommune er eit område dominert av gammal barskog i spreidd gammal lauvskog og edellauvskog på 1680 dekar. Lokaliteten får verdi B (viktig) fordi den har eit samanhengande, stort areal med intakt og gammal naturskog, samstundes som her er eit reelt potensial for funn av fleire raudlista soppar, både marklevande og vedbuande.

Blåbærskog ved Ytste-Skotet. Foto: Øivind Leren.

Blåbærskog ved Ytste-Skotet. Foto: Øivind Leren.

Ørnakken naturreservat i Skodje kommune blei verna i 2002 og er fylkets kjerneområde for  boreonemoral regnskog. Denne skogstypen saman med dei andre naturtypane vi har her, som edellauvskog, kystfuruskog og gammal barskog gjer at naturtypane i seg sjølv er nasjonalt viktige og husar sjeldne artar frå til dømes lungeneversamfunnet. Her er furutre over 300 år med grove dimensjonar, tross log til middels bonitet. Arealet tilbudd for vern er om lag 250 dekar og er ein direkte utviding av eksisterande verneområde.

Kystfuruskog ved Ørnakken naturreservat. Foto: Øivind Leren.

Kystfuruskog ved Ørnakken naturreservat. Foto: Øivind Leren.