Korallar i Møre og Romsdal

I media høyrer vi ofte om dei fargerike tropiske korallreva på grunt vatn. Dei siste åra har vi høyrt meir om at vi har korallar på djupt vatn på sokkelen utafor Norskekysten. At vi óg har korallar inne i fjordane våre er det sjeldnare vi høyrer om. Men dei er der!

T.v.: Korallskog, sjøbuskar og svamp på Kjerringrevet i Julsundet. Foto av Christian Howe ©. T.h.: Lophelia, anemonar og brosme. Foto av Geomar/Jago ©.

T.v.: Korallskog, sjøbuskar og svamp på Kjerringrevet i Julsundet. Foto av Christian Howe ©. T.h.: Lophelia, anemonar og brosme. Foto av Geomar/Jago ©.

Det store barriererevet utanfor Australia er verdas største korallrev, med ei lengde på 260 mil. Verdas største kaldtvattenkorallrev er derimot norsk, Røstrevet ved Lofoten, som er 4,5 mil langt. Andre store rev er blant andre Sularevet utanfor Frøya i Trøndelag og Trænarevet også ved Lofoten.

Korallar er fastsittande nesledyr som lever av å fange næring frå den passerande vasstraumen. I tropiske strøk samarbeider koralldyra med algar, og vi finn dei difor på grunt vatn der sollyset kjem til. Kaldvattenkorallane vi finn på norskekysten lev på djupt vatn utanfor syne for sola og dei fleste av oss. Desse korallane har difor heller ikkje noe samarbeid med algar, som er avhengige av sollyset for å drive fotosyntese. Korallane våre er derimot avhengige av ein sterk botnstraum av friskt vatn med låg temperatur. Korallane i norske fjordar finn vi typisk på over 100 meters djup, sjølv om vi i Trondheimsfjorden kan finne korallrev heilt opp til 39 meters djup.

Vi deler korallane inn i to hovudgrupper: dei rev-byggjande som hos oss hovudsakeleg er øyekorall (Lophelia pertusa), og hornkorallane som kan danne korallskog. Dei største hornkorallane vi har er sjøtre, sjøbusk og risengrynkorall.

Korallreva er «hot spots» når det kjem til biologisk mangfald, fordi dei dannar tredimensjonale strukturar på botnen som gir vern for fiskeyngel og små organismar1. Også korallskogen har ein slik funksjon, men truleg noko lågare enn korallreva2. Det er ikkje korallane i seg sjølve som utgjer den høge diversiteten, men dei assosierte artane2, og totalt er det registrert over 980 forskjellige artar på norske Lophelia-rev3.

Lophelia-reva veks med om lag 1,3 mm i året4, og det er berre dei ytterste rundt 20 centimetrane som er i live (kvite eller rosa på farge). Innanfor er det daud Lophelia (brun), mens det i underkant og bakkant av revet ligg meir eller mindre nedbrotne korallbitar, kalla korallgrus. Dei tre forskjellige stadia/sonane av korallrevet er alle viktige for artsmangfaldet, da det lev forskjellige artar i alle dei forskjellige sonane av revet. Den aller største artsrikdommen finn vi blant den daude delen av Lophelia-revet5.

Den låge vekstrata gjer at korallreva kan reknast for å vere ikkje-fornybare3, då det vil ta fleire hundre år for ein koloni å oppnå ein diameter på 1,5-2 meter, og fleire tusen år før dei når ein rev-tjukkleik på 10-30 meter6. Av denne grunn er forvaltninga oppmoda til å legge føre eit strengt «føre-var-prinsipp» når det gjeld påverknad av korallar7. Dei eldste reva i Noreg er antatt å vere 9000 år gamle8. Hornkorallane har derimot ein noko raskare vekstrate (opptil 4 mm i året), og blir «berre» 3-400 år gamle9.

Tradisjonelt har botntråling vore den største trusselen mot korallreva, og 30-50 % av reva på kontinentalsokkelen reknast som øydelagde eller skadde av tråling6. Dei siste åra har det og blitt retta fokus mot oppdrettsanlegg som ligg tett ved korallrev. Oppdrettsanlegga slepp ut store mengder organisk materiale, som stressar korallane. Stresset fører til at vekstrata til korallreva som ligg innanfor 250 meter frå anlegga går ned10. Samtidleg medfører den auka mengda organisk materiale til at erosjonen på den daude delen av revet aukar, slik at revet i praksis kan krympe. Avhengig av tilhøva på lokaliteten kan ein ikkje sjå bort frå at oppdrettsanlegg kan påverke korallane negativt heilt ut til 1 km frå anlegget9. Andre trugslar for korallane kan vere auka sedimentering (både organisk og uorganisk) over tid, eller endringar i straumtilhøva. Slikt kan skje ved mellom anna mudring eller dumping av massar.

T.v.: Lophelia, korallskog, svampar og kråkebolle på Kjerringrevet i Julsundet. T.h.: Lophelia på Kjerringrevet. Foto: Havforskningsinstituttet ©.

T.v.: Lophelia, korallskog, svampar og kråkebolle på Kjerringrevet i Julsundet. T.h.: Lophelia på Kjerringrevet. Foto: Havforskningsinstituttet ©.

For å kunne forvalte korallførekomstane er vi avhengig av å vite kor dei er. Forskaren Carl Dons var den fyste i Noreg som kartla korallar langs kysten11, og seinare har Havforskningsinstituttet gjort fleire kartleggingar. Fiskeridirektoratet har gjennom intervju med lokale fiskarar samla inn viktig informasjon om kor korallane finns, før reva har blitt bekrefta ved bruk av video eller innsamlingar gjort av havforskarane. Likevel er kartlegginga langs kysten svært mangelfull. Fylkesmannen i Møre og Romsdal engasjerte i 2017 Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) til å gjennomgå ikkje frigitte multistråleekkoloddata frå Romsdalsfjordsystemet. Dette for å stadfeste moglege korallrevførekomstar (NGU rapport 2017.033) i fjordsystemet. Dei høgoppløyselege multistråleekkoloddatane (som NGU har tilgang til) gjer det mogleg å sjå mange av rev-strukturane på botnen.

Kartlegginga enda med 432 punktobservasjonar i studieområdet, innan 2 forskjellige klassar. For ein heilt sikker observasjon, må funna undersøkast med video, foto eller fysisk prøvetaking12. Resultata er no lagt inn i GisLink, under fana «Kyst/fiskeri» og «Korallforekomster».

Utsnitt frå NGU rapport 2017.033, som viser funna.

Utsnitt frå NGU rapport 2017.033, som viser funna.

Kartlegginga definerte ikkje nokon heilt nye korallområde, men utvida grensene for dei allereie kjente reva dramatisk. Sør for Dryna i Midsund kommune vart det registrert til saman 202 moglege rev-strukturar. Delar av dette området er tidlegare besøkt og filma av både Havforskningsinstituttet og NGU, men er so langt ikkje kartfesta med meir enn to oransje prikkar i Havforskningsinstituttets offisielle kartlag (Sjå også her Gislink under fana «Kyst/fiskeri» og «Korallrev»).

Julsundet og starten på Moldefjorden har og mange punkt i NGU sin rapport. Her har det og vore nokre registreringar frå før (utført under MAREANO i 2012, samt Dons 1944), med Kjerringrevet (på og ved Kjerringgrunna) som den største. Både HI, NGU, forskings-ubåten JAGO, og dykkarar har vore på dette revet og filma tidlegare.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal ynskjer å kartleggje fleire område i fylket på same vis, då dette er ein relativt rimeleg måte å kartfeste moglege korallførekomstar (der det allereie finst høgoppløyselege multistråleekkoloddata). Funna kan ein seinare få bekrefta med for eksempel video. Diverre er det berre korallrev som kan påvisast med multistråledata, korallskogen må ein kartleggje på anna vis.

Fylkesmannen er mynde i forureiningssaker og handsamar mellom anna søknader om utslepp frå akvakultur, mudring og dumping av massar, og utslepp frå industriverksemder. Fylkesmannen handsamar sakene etter forureiningslova og naturmangfaldlova for å sikre at ikkje naturen lir overlast grunna den menneskelege aktiviteten.

Der Fylkesmannen har fått kjennskap til at det kan vere korallar i nærleiken av oppdrettsanlegg har oppdrettsselskapa fått pålegg om å gjere kartleggingar. Så langt gjeld dette 4 anlegg i fylket (sjå eigen sak).

Frå 80 meters djupne på Kjerringrevet. Dykkar blant sjøbuskar og svamp. Foto Christian Howe ©.

Frå 80 meters djupne på Kjerringrevet. Dykkar blant sjøbuskar og svamp. Foto Christian Howe ©.

Kjelder:

1: Fosså, Jan Helge, et al. "Vurdering av norske korallrev." (2015). 2: DN håndbok 19-2001 revidert 2007. «Kartlegging av marint biologisk mangfold». 3: Falk-Andersson, Jannike. "Kunnskap om og forvaltning av kaldtvannskorall». 4: Fosså, Jan Helge, Pål Buhl-Mortensen, and Dag M. Furevik. "Lophelia-korallrev langs norskekysten: forekomst og tilstand." (2000). 5: Fosså, Jan Helge, and Pål Buhl-Mortensen. "Artsmangfoldet på Lophelia-korallrev og metoder for kartlegging og overvåking." (1998). 6: Fosså, Jan Helge, P. B. Mortensen, and Dag M. Furevik. "The deep-water coral Lophelia pertusa in Norwegian waters: distribution and fishery impacts." Hydrobiologia 471.1-3 (2002): 1-12. 7: DN rapport 2008-4. «Utredning om behov for tiltak for koraller og svampsamfunn. 8: https://www.hi.no/hi/temasider/hav-og-kyst/norske-korallrev. 9: Tangen, S., and I. Fossen. "Interaksjoner mellom kaldtvannskoraller og intensivt oppdrett." Kunnskapsstatus og et første skritt mot en konsekvensanalyse (2012): 12-10. 10: Havforskningsrapporten 2015, 38-40. 11: Dons, C. "Norges korallrev." Det kongelige norske videnskabers selskabs forhandlinger 16 (1944): 37-82. 12: NGU rapport 2017.033