Har du slept fri ein hagerømling?

Du må passe godt på hageplantane dine. Nokre av dei kan stå på lista over planter det er forbode å innføre, omsette og sette ut. Ikkje la desse plantane stikke av frå din hage!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.08.2019

Forskrift om fremmede organismer lister opp fleire framande artar som no er forbode. Desse artane er det ikkje lov å «sleppe fri» frå hagen. Du kan altså ikkje bytte planter med naboen, kaste hageavfall over gjerdet eller gi bort fyllmasse som inneheld plantedelar frå forbode artar. I vårt fylke er nokre av dei forbode artane eit større problem enn andre. Desse artane er:

  • Hagelupin/Sandlupin/Jærlupin
  • Kjempebjørnekjeks /Tromsøpalme 
  • Parkslirekne/Kjempeslirekne/Hybridslirekne
  • Kjempespringfrø 
  • Rynkerose 

I tillegg til desse som er forbode å sette ut, har vi i vårt fylke ekstra merksemd på legepestrot, japanpestrot, klasespira, russekål og spansk kjørvel.

Felles for desse framande skadelege artane er at dei formeirar seg lett, anten med frø eller plantebitar. Når dei først har etablert seg er dei veldig vanskelege å bli kvitt og vil fortsette å spreie seg i nabolaget eller i naturen. Mange av desse artane er veldig livskraftige og vil konkurrere ut andre artar som veks der naturleg. Samanhengane i naturen er innfløkte, og ei lita endring på kort tid kan få store konsekvensar. Til dømes er mange bier og andre pollinerande insekt tilpassa den naturlege vegetasjonen, og vil få problem om framande artar på nokre få år tar over i blomsterenga. Framande skadelege artar kan auke faren for at artar som allereie er på raudlista forsvinn.

Parkslirekne på ville vegar. Foto: Fylkesmannen

Om du har desse artane i hagen din kan du behalde dei, men du må passe på at det ikkje spreier seg utanfor hagen. Du må vere ekstra forsiktig når du ryddar i hagen og skal kaste hageavfall. Det er aldri greitt å kaste hageavfall over gjerdet anten du har framande artar i lasten eller ikkje. Du kan kompostere framande skadelege artar på eigen eigedom, men jorda må ikkje ut av hagen etterpå. Om du ikkje komposterer, tar du kontakt med det lokale avfallsmottaket for å høyre korleis du skal levere avfallet. Ved transport av slikt hageavfall må du sørge for å dekke til lasset slik at ikkje plantane finn seg ein ny vekseplass i veggrøfta.

Frø og plantedelar kan også bli med på lasset om du flyttar på jord eller anna lausmasse. Har du framande, skadelege plantar i hagen må du ikkje gi bort jord eller anna masse til naboen eller andre. Her i fylket har vi alt for mange døme på at nokon utan å tenkje over det, har flytta masse med frø og plantedelar av ein framand art og fått etablert ein ny bestand som trivst og blir større for kvart år. Nokre har flytta masse på eigen eigedom, medan i andre høve har masse vorte flytta fleire mil og skapt problem for folk og natur ein annan stad også.

Lupinspirer. Foto: Fylkesmannen

Tiltak mot framande artar

Fylkesmannen gjer tiltak mot nokre førekomstar av nokre av dei forbodne planteartane. Bakgrunnen for at rynkerose, kjempespringfrø og kjempebjørnekjeks/tromsøpalme er plukka ut, er at nokre av desse førekomstane kan vere moglege å fjerne.

Mange rynkerosekratt i fylket har måtte gi tapt når innleigde entreprenørar har gått til verket og behandla dei. Fleire førekomstar som har vore behandla og følgt opp i sidan 2017 er no heilt borte. Fleire kommunar har sjølv gjort ein god innsats mot mellom anna rynkerose, så no er det langt færre førekomstar enn for berre nokre få år sidan. Men framleis står mykje att!

Det har også vore gjort tiltak mot kjempespringfrø fleire stader i fylket der vi meiner det kan vere moglegheit for å bli kvitt plantane. Ofte kan det sjå ut som om tiltaka ikkje har nokon effekt for etter nedkapping spirar store mengder plantar opp att. Det er eigentleg ikkje så rart. Ei plante produserer om lag 1000 frø som kan overleve i jorda i opp til 18 månader. Etter nedkapping vil alle dei frøa som ikkje spirte om våren få lys og vatn slik at dei kan få spire. Å fjerne kjempespringfrø krev tolmod, for alle plantar må kappast ned før dei rekk å blomstre i to- tre år.

Kjempespringfrø. Foto: Fylkesmannen

I mellom anna Vestnes og Rauma kommunar er det gjort tiltak mot kjempebjørnekjeks/tromsøpalme. Nokre av førekomstane var heilt i starten på utbreiinga, medan andre var spreidde utover eit større areal. Førekomstane har vore behandla kvart år sidan 2017 og no ser det ut til at dei fleste plantane har gitt tapt.

Kjempebjørnekjeks. Foto: Fylkesmannen

I Averøy kommune hadde vi planar om å gjere tiltak, men etter fleire synfaringar vart det konkludert med at her er det så mykje at Fylkesmannen ikkje rår med å følgje opp tiltaka over så lang tid som vil vere nødvendig. Her måtte vi diverre kapitulere. På slike stader er det ekstra viktig at ein er forsiktig så ein ikkje i vanvare flyttar på masse med frø eller plantedelar. Averøy kommune sjølv har gjennomført tidlegare kantslått langs kommunale vegar for å redusere sjansen for å spreie frø.

Tilskott

Lag og foreiningar og privatpersonar kan søke om tilskot til å gjere tiltak mot framande artar. Tiltak det kan bli gjeve tilskot til er fjerning av framande skadelege artar, men også informasjon om dei og til kartlegging.