Tiltak mot framande planter

Fylkesmannen har løyvt kr. 300.000,- i skjønnsmidlar til arbeidet mot skadelege, framande planter i Kristiansund, Molde, Rauma, Sykkylven og Ålesund. Kommunane bidreg med samme beløp. Dei framande artane konkurrerer ut stadeigne artar, og naturen gror til med uønska vegetasjon. Midlane går til kartlegging, førebygging av spreiing, samt fjerning av nokre av dei mest skadelege artane, og ein skal utvikle lokale løysningar for tiltak mot desse artane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.07.2013

Kommunane utformar prosjektet i stor grad sjølv ut frå lokale utfordringar. Dei fleste kommunane prioriterer kartlegging av kjempebjørnekjeks, tromsøpalme og kjempespringfrø. Rauma legg vekt på fjerning av kjempebjørnekjeks, medan Ålesund kartlegg parkslirekne og ein del rømte hageplanter.

Kartlegginga vert gjort av personar kommunane sjølv engasjerer, men det er også behov for at interesserte organisasjonar og privatpersonar supplerer. I tillegg registrerer Statens Vegvesen førekomstane av framande artar langs stam- og fylkesvegnettet.

Registrering av funn kan leggjast inn på http://www.artsobservasjoner.no/. Det kan meldast frå til fylkesmannen om registreringar av kjempebjørnekjeks, tromsøpalme og kjempespringfrø. Dei fem kommunane kan også i ein viss grad ta imot meldingar om funn. Det er viktig å ta foto, kartfeste førekomsten og fastslå kor stor førekomsten er.

Kommunar som ikkje er med i prosjektet, har ikkje avsett ressursar til dette arbeidet. Her vil vi tilrå at folk brukar artsobservasjoner.no, eller sender registreringar til fylkesmannen på fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.

«Det er viktig å fjerne framande artar frå private eigedommar også», seier seniorrådgjevar Ola Betten hos fylkesmannen. Dette avfallet må behandlast forsvarleg, og helst sendast i tette sekkar til forbrenningsanlegg eller anna godkjent avfallsmottak. Fleire av artane spreier seg frå blad og andre plantedelar, og dersom ein tømmer dette ut i naturen kan ein gjere større skade.

Informasjon om nokre framande planteartar i Møre og Romsdal finn du i margen til høgre. Her er også lenker til Fagus sine faktaark om framande planter med behandlingsråd.