Naturkartlegging

Det er eit nasjonalt og internasjonalt mål at det biologiske mangfaldet skal ivaretakast. Dette krev konkret kunnskap om naturmangfaldet.

Både kommunar og andre har i ei rekkje samanhengar behov for eit oppdatert oversyn over område som har særskilde biologiske verdiar. Særleg viktig er dette i samband med overordna arealplanlegging, men òg innafor meir detaljert planlegging, sektorplanlegging i jord- og skogbruk og elles i den løypande saksbehandlinga, er det behov for data og kunnskap om naturkvalitetar og om naturtilstanden. Dette er data som ikkje minst er sentrale ved arealplanlegging og arealbruk etter Plan- og bygningslova og ved bruk av Naturmangfaldlova.

Resultatet av kartleggingsarbeidet blir vidare lagt til grunn for nasjonale overvakingsprosjekt som følgjer endringar i naturtilstanden. Arbeidet gir kunnskap om utbreiinga av artar og naturtypar som av ulike grunnar er sjeldne og som krevjar særskild merksemd i all samfunnsaktivitet.

Fylkesmannen har frå 1999 i samarbeid med kommunane hatt ansvaret for mellom anna kartlegging av viktige naturtypar i Møre og Romsdal og formidle informasjonen om naturverdiane. I alle kommunane er det kartlagt og ein er nå i gang med revisjon og supplerande kartlegging.

Sentrale informasjonskjelder som informerar om kartleggingsresultata er ålment tilgjengelege i kartdatabasar som Naturbase og Gislink. Artsdata er samla i Artsdatabanken sine kartdatabasar.

Meir informasjon

Utfyllande informasjon om kartleggingsarbeidet finn du i ei lenke oppe til høgre på sida.

 

Nytt i 2015

I 2014 vart kartleggingsarbeidet i fylket konsentrert om kommunane Smøla, Rauma, Surnadal, Aure og Haram. Resultatet av kartlegginga er no på plass i Naturbase. I løpet av året vil det også kome ut nye data for Stordal kommune.
I desember 2014 sende Fylkesmannen eit brev til alle kommunane i fylket om kvalitetssikring og supplerande kartlegging i 2015. I brevet vart kommunane bedne om å kome med synspunkt på kva område dei meiner bør kartleggast. Anten nye område eller kvalitetssikring av tidlegare kartlagde område. Det kom få synspunkt frå kommunane. I kvalitetssikringsarbeidet i år er det først og fremst biologisk viktige område i skogen og i kulturlandskapet som vert prioriterte. Resultatet av det arbeidet kjem inn i Naturbase i 2016.

Grunnlaget for nye data til Naturbase er som oftast eigne kartleggingsrapportar. Sjå relatert lenke til høgre.

 


07.06.2019

Kartlegging av naturtypar i Møre og Romsdal i 2019

Kartlegginga er ein del av kunnskapsløftet for natur som blei vedteke av Stortinget i 2015. Kartlegginga er ei langsiktig, nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur. Kartlegginga vil bli utført av firmaet Miljøfaglig Utredning AS på oppdrag frå Miljødirektoratet.

30.06.2016

Kartleggingsrapportar

I 1999 starta arbeidet med kartlegging av biologisk viktige naturtypar. Resultatet av kartleggingsarbeidet har stort sett blitt gitt ut i eigne rapportar og data frå desse har så blitt lagt inn i kartdatabasen www.naturbase.no