Handlingsplan mot framande planteartar 2019

Fylkesmannen har rullert handlingsplanen mot framande, skadelege planteartar. Planen sitt hovudmål er å hindre spreiing av framande planteartar.

Naturen er under press, også i Møre og Romsdal. Det blir mindre urørt natur, fleire og fleire naturtypar står i fare for å forsvinne og mange artar blir utryddingstrua. Årsakene til dette er samansett. Klimaendringar, overhausting og forureining er nokre av dei. Arealendringar som nedbygging og oppdeling av dyr og planter sine leveområde er den faktoren som påverkar flest artar negativt. I tillegg til alt dette kjem trugselen frå framande organismar som kan fortrenge artar ved mellom anna konkurranse om næring eller levestad.

Framande planteartar har negativ påverknad på biologisk mangfald og er ein medverkande faktor til at lokale arter blir utryddingstruga. Når den stadeigne floraen forsvinn, forsvinn også livsgrunnlaget for mange dyr og insekt.  Når framande organismar har etablert seg i vår natur, er det særs vanskeleg og kostbart å utrydde dei. I mange høve vil det vere mest realistisk å hindre vidare spreiing snarare enn å fjerne allereie etablerte plantar.

Mål for handlingsplanen

Hovudmålet i planen er å hindre spreiing av framande, skadelege planteartar som fører til uheldige følger før naturmangfaldet i fylket. Delmåla er å auke kunnskapen om artane som utgjer den største trugselen i vårt fylke, kartlegge førekomstar av utvalde artar og å bekjempe eller kontrollere enkelte førekomstar.

Begge dei to første delmåla handlar om kunnskap om dei framande, skadelege artane. For å forebygge spreiing av framande, skadelege planteartar må offentlege og private verksemder og publikum gjerast bevisste på problemet. Informasjon og opplæring av allmenta om kva for risiko framande arter kan medføre, er viktig for å forebygge risiko for spreiing av framande artar.

Vidare er det viktig å kartlegge i felt for å skaffe kunnskap om kor dei ulike framande artane har etablert seg. Da kan det takast omsyn til dei når ulike aktørar planlegg og gjennomfører tiltak som til dømes graving og kantslått.

Kommunane kan søke om tilskott til tiltak mot framande planteartar innan 15. mai 2019. Sjå Informasjon om søknad.