Hagerømlingar

Framande, skadelege planteartar er ein viktig årsak til tap av naturmangfald i norsk natur. Mange av desse plantane er "rømlingar" frå hagane våre, derfor blir dei ofte kalla hagerømlingar.

Sist endret 24.06.2022

Artane blir lett spreidde til nye område, og når ein skal fjerne dei ifrå eigen hage, er det viktig å passe på at dei ikkje ender opp hos naboen eller i naturen.

Mange framande artar utgjer ein risiko for norsk natur, og Artsdatabanken vurderte fleire slike artar på nytt i 2018. 233 artar er vurdert til å ha høg eller svært høg risiko i naturen. I 2016 fekk vi ei ny forskrift om framande organismar som skal bidra til å hindre vidare spreiing av dei mest skadelege artane. Fleire av planteartane med høg og svært høg risiko er det ulovleg å kaste i naturen eller å plante ut. Hageavfall som inneheld slike planteartar skal alltid leverast til godkjent avfallsmottak. Høgrisikoartane må sorterast ut frå det andre hageavfallet. Hageavfall skal uansett aldri dumpast i naturen! Sjå også Forskrift om fremmede organismer (kobling) for meir detaljert informasjon.

 

Slirekne-artar (park-, kjempe,- og hybridslirekne)

Desse plantane kan danne tette, over 3 meter høge kratt. Har dei først slått rot ein stad, er dei nesten umogleg å bli kvitt.

Flytting av jordmassar, hageavfall og kantslått er nokre av dei viktigaste årsakene til spreiing av slirekne. Når vi flytter maskiner og utstyr frå ein stad til ein annan, kan vi lett bidra til spreiing av planten. Bittesmå plantedelar, eller bitar av jordstenglar, kan vere nok til at nye planter veks opp på ein ny stad.

Avfall av slirekne, anten heile planter eller plantedelar, må leggast i tette sekkar og leverast til forbrenning.

 Parkslirekne

 

Kjempespringfrø

Kjempespringfrø invaderer grøftekantar, bekkefar og eng, og konkurrerer ut alt som veks der frå før. Planten formeirar seg berre med frø. Ein plante kan skyte opp til 4000 frø om lag 7 meter ut. Frøa har god spireevne, og kjempespringfrø kan invadere store areal relativt raskt. Frøa kan også bli frakta til nye område med vatn, eller ved kantslått og liknande.

Kjempespringfrø er ein eittårig plante med svakt rotsystem, så i mange høve er det mogleg å bli kvitt planten med litt innsats.

Om vi fjernar planter som har begynt å blomstre, må vi samle alt plantemateriale i tette sekkar og levere det til forbrenning. Før plantane blomstrar kan vi slå/klippe dei ned med jamne mellomrom slik at dei aldri får utvikla blomster. Frøa er spiredyktige i to år, så område kor vi har bekjempa arten må følgjast opp i tre vekstsesongar.

Utstyr og reiskap må reingjerast før dei blir brukt i andre område.

 Kjempespringfrø

Kjempebjørnekjeks/tromsøpalme

Desse artane er ofte 2-3 meter høge, men kan bli endå høgare med gode vekstvilkår. Plantane spreier seg både med frø og med rot- og stengelbitar. Får dei vekse i fred kan dei invadere store areal – fleire mål!

Ein plante kan produsere 40 – 50 000 frø som er spiredyktige i 7-8 år. Ein må derfor vere veldig forsiktig med å flytte på masse frå stader der det veks kjempebjørnekjeks eller tromsøpalme. Maskiner og utstyr kan også bidra til spreiing av frø og plantedelar, og ein må alltid reingjere utstyret før det blir brukt på nye stadar.

Om vi har ein enkelt plante i hagen kan vi halde den under kontroll ved å knekke av blomsterstanden før frøa mognar, legge den i tett sekk og levere til forbrenning.

Ønsker vi å bli kvitt planten kan vi kutte rota og rive opp alt plantematerialet, legge i tett sekk og levere til forbrenning. Plantesafta hos både tromsøpalme og kjempebjørnekjeks inneheld gift som verkar irriterande på huda, og saman med sollys kan det gi brannskadar i huda både på menneske og dyr. Ein kan få store blemmer og pigmentflekker.

Sprut av plantesaft i auga kan gi skader på synet. Bruk heildekkande kle og hanskar når du er i kontakt med desse plantene.

 Kjempebjørnekjeks

Rynkerose

Rynkerose kan danne store, tette bestand på strender og elveøyrer. Buskane kan bli om lag to meter høge, og i fylket vårt er det registrert bestandar som dekkjer så mykje som 200 m2. Fleire stader har rynkerose konkurrert ut stadeigne plantesamfunn, samt dei insekta som levde der.

Fleire fugleartar liker dei store nypene til rynkerosa, noko som bidrar til at frøa blir spreidd i området rundt busken. Nypene flyt godt, og frøa tar ikkje skade av saltvatn. Slik kan planten bli spreidd med havstraumar til heilt nye stader. Spreiing kan også skje ved at nye skot skyt opp frå røtene.

For å hindre spreiing av rynkerose kan vi fjerne blomane eller plukke av nypene før dei blir mogne. Nypene må då leverast til forbrenning. Ein må også passe på at ikkje rotskot veks opp til nye planter. Ønskjer ein å fjerne heile busken kan ein kappe den ned og grave opp alle røtene. Det er tryggast å legge alt plantemateriale i tett sekk og levere til forbrenning.

Etter fjerning må busken følgjast opp over fleire år for å vere sikker på at den er heilt borte.

Rynkerose             

Hagelupin

Lupinar spreier seg raskt her i landet, spesielt langsmed vegar, jernbane og elver. Plantane lagar sin eigen gjødsel i knollar på røtene, og jorda blir etter kvart så næringsrik at mange andre artar ikkje kan vekse der. Plantane er fleirårige, men blir hovudsakleg spreidd med frø. Frøa er spiredyktige i 50 år!

For å halde hagelupinane under kontroll i eigen hage, kan vi plukke av blomsterstandane før dei sett frø. Ønskjer vi å bli heilt kvitt plantane kan vi luke eller grave dei opp. Plantar som ikkje har utvikla blomster kan bli liggande på staden, men ein må passe på rota ikkje har kontakt med jorda, og at ingen delar av planten får kontakt med rennande vatn.

Om vi vel å slå plantane til dømes med grastrimmar, må vi slå før blomstring og så langt ned mot bakken som mogleg, slik at vi får med unge individ og avgrensar gjenveksten. På denne måten kan vi hindre vidare spreiing, men med den langliva frøbanken må vi følgje opp bestanden i mange år. Utstyr og reiskap må reingjerast før dei blir brukt i område utan lupin.

Hagelupin