Tilsyn med lokal luftkvalitet i kommunane

Eksempel på dårleg luftkvalitet. Biletet er tatt i Molde.
Eksempel på dårleg luftkvalitet. Biletet er tatt i Molde.

Fylkesmannen har gjennomført tilsyn med kommunar når det gjeld lokal luftkvalitet. Kommunane er forureiningsmyndigheit på dette feltet, og Fylkesmannen har ført tilsyn med utøvinga av myndigheit. I Møre og Romsdal blei det gjennomført 3 tilsyn, og dei tre kommunane arbeider med oppfølging av funna i tilsyna.

Kvart år blir det gjennomført eit landsomfattande tilsyn med myndigheitsutøving på kommunalt nivå når det gjeld miljøsaker. I 2016 var temaet lokal luftkvalitet. Fylkesmenn over heile landet førte tilsyn med relevante kommunar i sitt fylke. I Møre og Romsdal blei tilsyna gjennomførte som brevkontrollar og omfatta kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund.

Resultat

Resultata frå tilsyna i Møre og Romsdal viste avvik i alle kommunane. Avvika gjaldt manglande oversikt over nivå av luftforureining i kommunen eller kjelder til forureining i tillegg til mangelfull informasjon til publikum. Ålesund kommune er den einaste i vårt fylke som etter lovverket har krav til å utarbeide ei utgreiing av tiltak, og kommunen fekk avvik på at dette ikkje var gjort. Rapportane frå tilsyna finn du til høgre på sida. Tilsvarande tilhøve som i Møre og Romsdal blei også funne andre stader i landet. Dei landsdekkande resultata er skildra her.

Status i kommunane

Alle kommunane fekk frist i mai 2017 med å gjere greie for korleis dei retta avvika. Status no er at Ålesund har gjort endringar på nettsidene sine når det gjeld informasjon til publikum. Kommunen hadde etter pålegg frå Miljødirektoratet frist i juni 2016 med å levere utgreiing av tiltak og handlingsplan. Plana skal ha politisk forankring. Bakgrunnen for dette kravet er at målingar gjort i byen, viser mange år med overskriding av vurderingsterskelen for svevestøv i lufta målt over heile døger. I mars 2017 vedtok direktoratet tvangsmulkt sidan fristen ikkje blei halden. Utgreiing og plan er no sendt inn til direktoratet. Kommunen har opplyst at auka reinhald av vegane har hatt målbar effekt på luftkvaliteten, og reinhald blir utført gjennom heile året inkludert dei dagane lufta er mest forureina. Måleresultat frå stasjonane i Ålesund kan ein sjå saman med status for mange andre målestasjonar i landet på www.luftkvalitet.info. Her ser ein at det i periodar er høge nivå av svevestøv i byen.

 

Støvmålingar over tre døgn i Ålesund, april 2018

Molde kommune har også gjort endringar på nettsidene sine for å betre informasjonen til publikum. Kommunen har fått Norsk institutt for luftforskning (NILU) til å estimere forureiningsnivået i Molde ut frå måleresultat frå Ålesund som er indikatorstasjon for dei andre byane i fylket. Resultata viste at vurderingsterskelen for svevestøv kan ha vore overskride i Molde i fleire av dei siste åra. Ut frå dette skal også Molde lage ei utgreiing av aktuelle tiltak. Denne er enno ikkje klar. Molde kommune opplyser at den også har auka reinhaldet dei siste åra, men manglar utstyr som kan brukast i minusgrader. Luftkvaliteten er gjerne dårlegast på kalde og tørre dagar.

Kristiansund har gjort endringar i sin informasjon på nett til publikum. Kommunen sine eigne estimat viser at det er sannsynleg med overskridingar når det gjeld svevestøv også i Kristiansund. I tillegg har Kristiansund på same måte som Molde bede NILU om bistand til å lage eit estimat for sannsynleg forureiningsnivå i kommunen. NILU vurderer det slik at estimatet som er gjort for Molde, kan nyttast for Kristiansund. Det betyr at også Kristiansund må utgreie moglege tiltak.

Meir om luftkvalitet

Luftforureining er ein viktig miljøårsak til dårlegare helse og for tidleg død og er eit betydeleg problem også i Norge. Estimat frå 2013 viser at nærare 1600 personar i Norge døydde for tidleg dette året grunna forureina luft. Svevestøv er mange stader den viktigaste forureininga, og dette gjeld også i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen har tidlegare gitt meir informasjon om temaet luftkvalitet her.