Mudring, dumping og utfylling

Mudring, dumping og utfylling i sjø er aktivitetar som kan påverke det akvatiske miljøet. I dei fleste tilfella må ein ha løyve frå Statsforvaltaren til slike tiltak. Tiltaka kan medføre risiko for spreiing av miljøgifter, partiklar og avfall, og føre til at naturverdiar vert skada eller forstyrra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.07.2020

Om du skal søkje om løyve til mudring, dumping eller utfylling, må du fylle ut og sende inn søknadsskjemaet vårt, som kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida. Dersom du er i tvil om tiltaket du planlegg er søknadspliktig, kan du kontakte oss for ei vurdering.

I hovudregelen er det naudsynt å kartleggje innhaldet av miljøgifter i sedimenta før ein skal fylle ut eller mudre. Det kan òg vere naudsynt å gjere ei kartlegging av naturverdiar i området. Relevante miljørapportar leggast ved søknaden. Sjå Miljødirektoratet sine rettleiarar for generelle krav til undersøkingar (lenkje til høgre).

Tiltaka krevjar som regel òg løyve etter andre lovverk enn forureiningslova, som til dømes plan- og bygningslova. Eventuelle vedtak eller uttaler frå andre instansar leggast ved søknaden om løyve etter forureiningslova.

For meir utfyllande informasjon om tiltak i sjø og søknadsprosessen kan du laste ned vår rettleiar til søkjarar via ei lenkje til høgre på denne sida. Vi anbefaler at du les rettleiaren før du søkjer om løyve.

Registrering av måledata i databasen Vannmiljø

Vannmiljø er miljømyndigheitenes nettbaserte system for registrering av miljøtilstanda i vatn. Den som får utført sediment- eller andre analysar i sjø, til dømes i tilknyting til søknad om løyve etter forureiningslova, må sørgje for at måleresultata vert registrert i databasen. Sjå lenkje til databasen til høgre på sida, og sjå rettleiaren vår for meir informasjon.