Endra løyve for Stena Recycling AS avd Kristiansund på Vestbase

Stena Recycling AS avd. Kristiansund har 14.12.15 fått endra løyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for si verksemd på Vestbase. På anlegget kan det no takast imot inntil 30 000 tonn/år returmetall fra on- og offshoreverksemd i tillegg til 1000 tonn/år bilbatteriar og EE-avfall.

Oversendingsbrev med endra løyve kan lesast via lenkene til høgre. Vedtaket om endringar kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.