Kunngjeringar

Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Fylkesmannen i Møre og romsdal.

06.07.2020

Løyve til Vartdal Plastindustri AS

Vartdal Plastindustri AS har 02.07.2020 fått løyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for sitt anlegg for mottak av avfall på Liadal i Ørsta kommune.

03.07.2020

Tine Meieriet Elnesvågen får endra løyve

TINE Meieriet Elnesvågen har 03.07.2020 fått innvilga endring av sitt utsleppsløyve etter forureiningslova frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for sitt anlegg i Hustadvika kommune.

02.07.2020

Hofseth Aqua AS får endring av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 02.07.2020 endra mellombels løyve etter forureiningslova til Hofseth Aqua AS.

29.06.2020

Løyve til utfylling i sjø ved Port Arthur, Kristiansund

KBBL Mino AS får løyve etter forureiningslova til å fylle ut med om lag 3 500 m3 massar over eit areal på om lag 1 000 m2 på Innlandet i tilknyting til etablering av bygg og kaianlegg.

24.06.2020

Hofseth Aqua AS får løyve til oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 18.06.2020 gitt løyve etter forureiningslova til Hofseth Aqua AS.

05.06.2020

Løyve til utfylling ved Ulstein Betongindustri AS

Verksemda får løyve til å fylle ut i sjø ved anlegget sitt nær Haddal i Ulstein kommune.

04.06.2020

Løyve til tiltak i sjø ved Mowi sitt anlegg ved Nordheim

Mowi ASA får løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling for å betre og utvide kaia si ved Nordheim i Aure kommune.

02.06.2020

Løyve til utfylling ved Sjøfronten 2 i Molde

Molde kommune får løyve etter forureiningslova til utfylling for å etablere erosjonssikring ved Sjøfronten 2, gnr. 24 bnr. 933.

29.05.2020

Kystverket får løyve til tiltak i Hjertøysundet

Løyvet omfatter mudring og sprenging i Hjertøysundet og utfylling ved Reknesmoloen og Moldegård i Molde med massane frå sundet.

29.05.2020

Vegvesenet får løyve til tiltak ved Solavågen

I tilknyting til bygging av ny ferjekai skal det fyllast ut med om lag 12 560 m3 massar og plastrast med ytterlegare 6 160 m3.

Flere nyheter