Luftkvalitet

Ulike forureiningar i utandørs luft kan føre til helseskadar. I nyheitene får vi av og til vite korleis det er i område av verda med svært høg luftforureining. Men også i Norge er luftkvaliteten dårleg i mange område. Særleg i periodar med kulde og tørt vêr hopar forureiningane seg opp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.02.2017

Eit eige kapittel i forureiningsforskrifta set grenser for kva for nivå det kan vere av partiklar og nokre gassar i lufta vi omgir oss med. Kjelder til forureining av lufta kan vere trafikk som gir eksos og vegslitasje, industri, fyring og bruk av fyrverkeri i tillegg til naturlege kjelder som vulkanar. Nokre komponentar kan bli transportert over lange avstandar.

Kommunane er myndigheit

Det er kommunane som er myndigheit for lokal luftkvalitet. Kommunane og dei anlegga som forureinar, har ansvaret for å sikre at luftkvaliteten er god. Alle kommunar har plikt til å ha oversikt over forureiningssituasjonen i sin kommune og må vurdere om det er fare for overskridingar av verdiane i forskrifta. Er det slik fare, må tiltak settast i verk. Målingar av luftkvaliteten gjer det enklare å vurdere situasjonen. Fylkesmennene kan føre tilsyn med korleis kommunane forvaltar myndigheita. I løpet av 2016 har fylkesmennene ført tilsyn med nærare 30 norske kommunar når det gjeld dette temaet. I Møre og Romsdal har tilsyna vore gjennomførte som kontrollar via brevkontakt med kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund. Tilsynsrapportane finst til høgre på denne sida. Rapportane viser at kommunane har behov for meir kunnskap om forureiningssituasjonen, og dei må vurdere kva for tiltak som må gjennomførast for å betre tilhøva.

Effektar på helsa

God luftkvalitet har stor betydning for helsa. For dei som har sjukdommane astma, KOLS og hjerte- og karlidingar, kan tilstanden bli forverra av dårleg luftkvalitet.  Blir ein utsett for høge nivå av luftforureining over lang tid, kan det også føre til utvikling av sjukdommar som lungekreft. Forsking har i tillegg vist effektar på blant anna nervesystemet, fosterutvikling og stoffskifte. Ørsmå partiklar er også funne i store mengder i hjernen til personar som har levd i område med høg forureining. Luftforureining kan påverke helsa sjølv om konsentrasjonen av dei aktuelle stoffa ligg under grenseverdiane i forureiningsforskrifta.

På verdsbasis er luftforureining er ein av dei viktigaste miljøårsakene til dårlegare helse og for tidlig død. Også hos oss er dårleg luftkvalitet eit betydeleg problem. Det europeiske miljøbyrået (EEA) reknar med at den førte til at nesten 500 000 menneske døydde for tidleg i Europa i 2013. For Norge er det rekna å vere nærare 1600. I Oslo førte svevestøv truleg til 185 for tidlige dødsfall det same året.

I tillegg til personar med luftvegsproblem, er barn spesielt utsette. Kroppane er enno ikkje fullt utvikla, og i tillegg pustar dei inn luft som er nærare bakken enn den lufta vaksne pustar inn. Ved trafikkerte vegar er ofte lufta nærast bakken den mest forureina. Studiar har vist at i område med høg luftforureining risikerer gravide å få barn med lågare fødselsvekt, og barn i slike område har større risiko for å få søvnproblem og psykiatriske diagnosar. Forureining frå trafikk kan også føre til genetiske skadar på foster.

Krav til luftkvalitet

forureiningsforskrifta er det for dei ulike komponentane sett ein grenseverdi som ikkje skal overskridast. I tillegg er det ein nedre og ein øvre vurderingsterskel som begge ligg under grenseverdien. Blir øvre vurderingsterskel overskriden, skal det gjennomførast målingar og lagast ei tiltaksutgreiing. I Ålesund har det over fleire år vore målt to luftkvalitetskomponentar ved målestasjonar i sentrum av byen. Dette gjeld gassen NO2 og støv i form av PM10 (PM står for partikulært materiale medan talet viser partikkelstorleiken i mikrometer). Det har vore overskridingar av øvre vurderingsterskel for PM10-konsentrasjonen målt over døgnet i mange døgn kvart år, og kommunen har laga ei tiltaksutgreiing for å redusere luftforureininga. Planen finst til høgre på denne sida. Den konkluderer med at hovudproblemet er svevestøv, og at bruk av piggdekk er den største kjelda til dette. Ålesund tilrår både kortsiktige tiltak som reinhald av vegar, piggdekkavgift og salting og langskitige tiltak som endra trafikkmønster, flytting av transportterminalar og tilrettelegging for gåing, sykling og kollektivtransport.

Målingar

Miljødirektoratet har ansvar for å sikre at det finst eit tilfredsstillande målenettverk i Norge. Foreløpig finst det målestasjonar i 22 norske byar, og truleg kjem det fleire etter kvart. Der det ikkje blir gjort målingar, må kommunen bruke måleresultat frå ein annan by (referanseby) som  skal vere representativ for tilhøva i eigen kommune. I Møre og Romsdal er Ålesund referanseby for Molde og Kristiansund.

Eksempel frå 01.02.17 på nivå av luftforureining i Norge målt ved målestasjonane.

Status i byar og tettstader

I 2014 gjorde Norsk institutt for luftforskning (NILU) ei kartlegging av forureiningssituasjonen i mange norske byar og tettstader. Der blei det vurdert at Kristiansund truleg ligg mellom øvre vurderingsterskel og grenseverdien for NO2 og PM10, medan Molde truleg ligg mellom nedre og øvre vurderingsterskel for PM10. I 2016 gjorde konsulentfirmaet COWI ei kartlegging som viste at 8 av 9 kartlagde byar som hittil ikkje har målt, blir rekna for å ha problem med ein eller fleire luftkvalitetsindikatorar. Rapportane ligg blant lenkene til høgre på sida. Resultat frå målestasjonane rundt i landet kan ein sjå på denne nettsida: www.luftkvalitet.info.

Tiltak

Aktuelle tiltak i norske byar og tettstader:

  • Piggdekkgebyr
  • Auka reinhald av vegar (vasking og feiing)
  • Miljøfartsgrense
  • Høgare bomavgift ved høg luftforureining
  • Datokøyring
  • Forbod mot bruk av dieselkøyretøy
  • God areal- og transportplanlegging
  • God kollektivtrafikk med låge utslepp

Aktuelle tiltak for privatpersonar:

  • Unngå å bruke bil
  • La aldri bilen gå på tomgang
  • Bytt til piggfrie vinterdekk
  • Vel el-bil framfor andre biltypar
  • Unngå fyring med ved eller olje
  • Bytt frå gammal vedomn til reintbrennande omn
  • Sørg for å fyre jamt og med god trekk
  • Brenn aldri anna enn heilt reint og tørt trevirke (gjeld for både omnar og bål)