Reglar om fiske etter laks og sjøaure ved utløp av vassdrag (munningsfredingssoner)

Våren er tid for sjøaurefiske i sjøen for mange. Det er viktig å ha kjennskap til reglane for fiske utanfor elvemunningane i fylket, sidan mange sjøaurebestandar i fylket er i dårleg tilstand. I munningsfredingssonene er det ikkje lov å fiske sjøaure på denne tida av året.

Fylkesmannen og Statens naturoppsyn er i gang med oppsetting av infoskilt i nokre områder denne våren.

Dette er lov i munningsfredingssonene:

  • Det er lov å fiske etter laks og sjøaure med stang frå land i den perioden det er lov å fiske etter sjøaure i elva som munnar ut i sona.
  • Det er lov å fiske etter saltvassfisk med stang frå land, eller frå båt som ligg i ro, men i fredingstida for vassdraget må du være minst 100 meter frå elvemunning (grense elv/sjø)


Dette er forbode
:

  • Alt fiske etter laks og sjøaure frå båt er forbode heile året
  • Alt fiske etter laks og sjøaure med stang frå land er forbode, med unntak av den perioden det er lov å fiske etter sjøaure i elva som munnar ut i sona


I nokre fjordområde er det også innført restriksjonar utanfor munningsfredingssonene:

I fjordområdet Sunndalsfjorden, Tingvollfjorden, Bergsøyfjorden og Batnfjorden innanfor E39 i Møre og Romsdal er det ikkje lov å fiske etter sjøaure frå land eller båt heile året, og heller ikkje laks i perioden 1. mars - 30. april. I fjordområdet Surnadal/Halsafjord til Korsnesfjord er det ikkje lov å fiske etter anadrome laksefisk i frå land eller båt i perioden 1. mars - 30. april.

Fangstrapportering for stangfiske i sjø:

https://stangfiskesjo.miljodirektoratet.no/

Oppsyn:

Statens naturoppsyn vil følge opp aktiviteten med oppsyn og kontroll både frå land og frå sjø. Ulovleg fiske vil bli politianmeldt.

Kart:

Under finn du kart over dei ulike munningsfredingssonene kommunevis. For anadrome vassdrag utan eigne munningsfredingssoner gjeld ei minstegrense på hundre meter frå utløpet av elva, der alt fiske er forbode i fredingstida for kvart enkelt vassdrag.