Bekjemping av lakseparasitten i Raumavassdraga

Fylkesmannen har søkt Miljøverndepartementet og Mattilsynet om løyve til kjemisk behandling av vassdraga i Rauma-regionen. Formålet med tiltaket er å bekjempe lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.04.2013

Dei vassdraga som vi veit er infiserte av parasitten er: Måna, Innfjordelva, Istra, Rauma, Glutra, Isa (Hensvassdraget), Breivikelva og Skorga.

Etter planen skal aksjonen starte 26. august 2013 og vil bli gjennomført i løpet av om lag 10 dagar. Planlegging og gjennomføring skjer for det meste i regi av Veterinærinstituttet. Det er fylkesmannen som er tiltakshavar.

Lakseparasitten blei introdusert til Glutra med settefisk i 1978. Etter dette spreidde han seg til dei sju ovanfor nemnde vassdraga. Det blei gjort forsøk på å utrydde sjukdommen i 1993, men diverre lukkast ikkje dette. Måna, Glutra og Isa var friskmelde ein periode, men vart reinfisert av parasitten frå Rauma kor han blei attfunnen først etter bekjempingsforsøket.

Dei fleste fiskestammane av laks og sjøaure er bevarte i genbank, og vil bli sett tilbake til heimeelvene sine når parasitten er borte og vassdraga friskmelde.