Fiskesesongen 2016 i elvane i Møre og Romsdal

2016 var ein normalsesong for fangst av laks, men meir av fangsten vart gjenutsett. Fangstane av sjøaure i fylket er framleis på eit lågnivå og det er kritisk for sjøauren i Driva.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.03.2017

 

Totalfangst i fylket

Sesongen for laksefiske i elvane 2016 hadde totalfangst omtrent som 2010, 2011, 2012 og 2015. Åra 2013 og 2014 var tørkeår med stor reduksjon i fangsten.

Fangsstatistikk - elvane i Møre og Romsdal 2010 - 2016

 

Dei 9 elvane med mest fangst

Fangststatistikk for dei 9 elvane med mest fangst i Møre og Romsdal - 2016

Laks

Normalsesong for totalfangsten, men meir gjenutsetting av fanga laks i Surna og Eira

I 2016 var totalfangsten i elvane i Møre og Romsdal 37689 kg laks. Dette omfattar både avliva og gjenutsett fisk. 

Det blir praktisert meir og meir gjenutsetting av laks, spesielt i Surnavassdraget, der det av totalt fanga laks på om lag 8.6 tonn vart gjenutsett om lag 3.3 tonn. Av dette vesentleg holaks. I Eira vart det fanga 2.2 tonn og gjenutsett 600 kg. I dei andre elvane er det ikkje vanleg med gjenutsetting.

  

Aure

Fangstane av sjøaure i fylket er framleis på eit lågnivå og det er kritisk for sjøauren i Driva

I 2016 var totalfangsten i elvane i Møre og Romsdal 3742 kg aure.

I Driva har det vore ein nedgang frå om lag 10 tonn i år 2000 til berre 600 kg i 2016. Dette kan føre til at sjøauren truleg blir freda i 2017.

Nedgang i innrapportert fangst av sjøaure i Driva, 2000-2016 

 

Kontaktpersoner