Hamner og avfallsplaner - informasjonside

Forsøpling av hava våre er ei stor miljøutfordring og god avfallshandtering i skips- og båthamner er viktig for å redusere omfanget av problemet. Miljømyndigheitene jobbar med å sikre at alle hamner har ein god plan for korleis dei handterer avfall.

På desse sidene finn du lenker til meir informasjon om arbeidet nasjonalt og dei oppgåvene som havneansvarlege, kystkommunar, Fylkesmannen og Miljødirektoratet har. Vi vil og dele stoff som kan vere til hjelp i utarbeidinga av planane spesielt i Møre og Romsdal.

 


Arbeidet med å redusere forsøpling av havet pågår i heile Europa. I Noreg er det bestemd at alle kysthamner skal sende inn avfallsplaner til Fylkesmannen innan 1. juli 2014, også dei som har sendt inn slik plan tidligare.

For småbåthamner skal kommunane lage ei samla plan som omfattar heile kommunen, men ansvarlege for småbåthamner skal bistå kommunen med naudsynte opplysningar. Også desse planane skal sendast til Fylkesmannen innan 1. juli 2014. Kystkommunane skulle også ha sendt inn ei oversikt over sine hamner innan 1. januar 2014.

For å lese meir om dei oppgåvene hamneansvarlege og kystkommunar har kan du følgje lenkene til høgre på sida. Om det er spørsmål som du ikkje finn svar på, så kan du ta kontakt med kontaktperson hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Utfordringar og løysingar frå kommunar og hamneansvarlege:

Fylkesmannen ønskjer og at kommunar og hamner deler utfordringar og løysningar med andre for å gjere arbeidet meir effektivt. Fylkesmannen vil og formidle slikt på desse sidene etterkvart.

 

Aktuelt

Marint søppel

Smøla våren 2012, etter at blant annet stormen Dagmar hadde herjet kysten vår. Også året etter var det store mengder søppel i verneområdene ved kysten, selv om det ble ryddet i 2012. Foto: SNO.

Smøla våren 2012, etter at blant annet stormen Dagmar hadde herjet kysten vår. Også året etter var det store mengder søppel i verneområdene ved kysten, selv om det ble ryddet i 2012. Foto: SNO.

 

Plastposar, tapt fiskereiskap og anna søppel skadar og tek livet av store mengder dyr i og rundt havet kvart år. Problemet er omfattande og vi treng di hjelp for å gjere noko med det. Les meir hjå Miljødirektoratet.