Veit du om ei strand som må ryddast?

Interessa for å bidra i kampen mot marin forsøpling er for tida stor og Hold Norge Rent hjelper til med å organisere frivillige i dette arbeidet. På deira Ryddeportal kan du registrere område som er forsøpla og som treng å ryddast. Du kan og registrere eigne ryddeaksjonar eller finne ein aksjon å bidra til.

Søppel som skadar havet er eit stort miljøproblem. Men DU kan gjere noko med det!

 

- Hald rede på avfall og gjenstandar slik at dei ikkje havnar i naturen, både privat og i jobben din. Det er òg lov å minne naboen  på at alle har eit ansvar.

- Rydd søppel som ligg i naturen. Mange stader blir rydding av strandsona organisert av lag og foreningar. Du kan òg ta initiativ til slik rydding og lokale verksemder bør bidra til å halde nærområdet ryddig.

- Ver ein bevisst forbrukar. Velg kosmetikk og tannkrem utan mikroplast og vask ikkje klede av mikrofiber oftare enn naudsynt.