Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Tilsyn med kommunane - forsøpling og brenning

Fylkesmannen gjennomfører no tilsyn med kommunane i Møre og Romsdal. Tema for tilsynet er kommunen som myndigheit for forsøpling og open brenning. Tilsyna blir gjennomførte som brevkontrollar med alle kommunane i fylket.

Denne saken er skrevet før 1.1. 2021 da Fylkesmannen endret navn til Statsforvalteren.

Publisert 03.07.2017

Miljødirektoratet har bede fylkesmenn over heile landet om å utføre tilsyn med kommunen som forvaltar av miljølovgivinga. I 2016 var luftkvalitet tema for landsomfattande tilsyn, og i år er hovudtemaet forsøpling.

Forsøpling og brenning av avfall er noko som kan skje i alle kommunar. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har valt å gjennomføre tilsyna i form av brevkontroll med alle kommunane i fylket. Vi håpar at dette vil gi ei god oversikt over tilhøva i Møre og Romsdal når det gjeld dei aktuelle temaa for tilsynet.

Tilsyna  skal gi kunnskap om korleis kommunen organiserer, utfører og etterlever pliktene sine og korleis dei brukar myndigheita si. Det er no sendt brev til alle kommunane i fylket, og dei har frist til 10. september med å svare.